Opplæringslova
§ 3-1 Bokmål og nynorsk for elevane i grunnskolen
Elevane skal ha opplæring i bokmål og nynorsk. Departementet kan gi forskrift om fritak frå opplæring i eitt av skriftspråka for elevar som får opplæring etter §§ 3-2, 3-3, 3-4 eller 3-6.
Elevar på 1. til 7. trinn skal i det skriftlege arbeidet bruke det skriftspråket som kommunen har vedtatt som hovudmål for skolen. Foreldra til elevane vel om læremidla skal vere på bokmål eller nynorsk. Elevar på 8. til 10. trinn vel sjølve om dei skal bruke bokmål eller nynorsk som hovudmål, og om læremidla skal vere på bokmål eller nynorsk.
Når minst ti elevar på eitt av trinna 1 til 10 i ein kommune ønskjer eit anna skriftspråk som hovudmål enn det som er vedtatt for skolen, har dei rett til å bruke og å få opplæring på dette skriftspråket i ei særskild gruppe. Går ti eller fleire av desse elevane på den same skolen, har dei rett til å få opplæringa der. Er elevane spreidde på fleire skolar i kommunen, avgjer kommunen kva skole dei skal få opplæringa på. Retten til å få opplæring i ei særskild gruppe står ved lag så lenge det er minst seks elevar att i gruppa.
Dersom skolestrukturen i kommunen gjer at elevar må overførast til ein skole med eit anna hovudmål enn elevane hadde på 1. til 4. trinn, har dei rett til å bruke og å få opplæring på det hovudmålet dei hadde. Dei har rett til opplæring i faget norsk i ei særskild gruppe, same kor mange dei er.
Forarbeid til loven
Paragrafen erstattar delvis dagens lov § 2-5 og er omtalt i punkt 17 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd første punktum fastset at elevar i grunnskolen skal ha opplæring i både bokmål og nynorsk. Departementet fastset reglar i forskrift om omfanget av og innhaldet i opplæringa og på kva trinn opplæringa skal givast, jf. §§ 1-4 og 1-6. Departementet fastset også reglar i forskrift om individuell vurdering og dokumentasjon av opplæringa, jf. § 2-3 andre ledd.
Forskriftsheimelen i første ledd andre punktum opnar for at departementet kan fastsetje i forskrift at elevar som får opplæring i eller på samisk, i kvensk eller finsk, i og på norsk teiknspråk eller får særskild opplæring kan fritakast frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka.
Etter andre ledd første punktum skal elevane bruke det vedtekne hovudmålet frå 1. til og med 7. trinn. Kva hovudmål den enkelte skolen har, er fastsett i forskrift, jf. § 15-2 første ledd. Elevane skal bruke dette språket i det skriftlege arbeidet. Elevane vel sjølve hovudmål frå 8. trinn.
Det følgjer av andre punktum at det er foreldra til den enkelte eleven som vel om læremidla skal vere på bokmål eller nynorsk, frå 1. til og med 7. trinn. Tredje punktum slår fast at eleven vel sjølv frå 8. trinn, og vidarefører retten til å velje læremiddel på ønskt skriftspråk, som tidlegare har følgt av forskrift til opplæringslova § 17-1.
Kva læremiddel som er omfatta av valfridommen, er regulert i § 15-3 første og tredje ledd, men likevel slik at elevane også kan velje om læremidla i norsk skal vere på bokmål eller nynorsk.
Tredje ledd første punktum regulerer retten til å få opplæringa i ei særskild skriftspråkgruppe for elevar som ønskjer eit anna skriftspråk som hovudmål enn kommunen har vedteke. Retten er utvida til også å gjelde elevar på 8. til 10. trinn. Det er eit vilkår for ein slik rett at minst ti elevar på same trinn i kommunen ønskjer opplæring på eit anna skriftspråk enn det kommunen har gitt forskrift om etter § 15-2 første ledd første punktum.
Retten til opplæring i «særskild gruppe» betyr at desse elevane er i ein klasse der alle elevane har det same skriftspråket. Den særskilde inndelinga i klasse er eit unntak frå § 14-2. Formålet med retten er å gi elevar med eit anna skriftspråk enn fleirtalet opplæring i sitt eige skriftspråk. Regelen er ikkje til hinder for at elevane kan få mindre delar av opplæringa i ei anna gruppe, til dømes i enkeltfag eller ved ulike fellesarrangement ved skolen, så framt dette ikkje bryt med formålet med regelen.
Både den skriftlege opplæringa, elevane sine eigne skriftlege arbeid og den skriftlege kommunikasjonen med lærarane skal vere på hovudmålet til elevane i den særskilde gruppa. Dette gjeld også der elevane får mindre delar av opplæringa i ei anna gruppe.
Det er kommunen som har ansvaret for å oppfylle retten til å få opplæring i ei særskilt skriftspråkgruppe. Retten reknast som ein del av retten til grunnskoleopplæring, og ansvaret til kommunen følgjer av § 28-1.
Det følgjer av andre punktum at opplæringa skal givast på den aktuelle skolen, jf. § 2-6, dersom det er minst ti elevar på same trinn og same skole som ønskjer opplæring i det andre skriftspråket. I tilfelle der elevane i kommunen som ønskjer slik opplæring, er spreidde på fleire skolar, følgjer det av tredje punktum at kommunen avgjer kva skole dei skal få opplæringa på. Denne avgjerda byggjer på eit forvaltningsskjønn som tilsynsmakta og domstolane ikkje kan overprøve. I tilfelle der nokre av elevane sluttar med opplæring i særskild gruppe, vil retten gjelde så lenge det er minst seks elevar igjen i gruppa, jf. siste punktum.
Fjerde ledd gjeld elevar som må overførast til ein skole med eit anna skriftspråk enn dei har hatt på 1. til 4. trinn. Desse elevane har rett til skriftleg opplæring på det skriftspråket dei hadde som hovudmål, og til å få opplæring i faget norsk i ei særskild språkgruppe. Det er eit vilkår for retten at eleven har hatt eit anna skriftspråk dei fire første åra i grunnskolen. Retten gjeld til dømes der kommunen har skolar for 1. til 4. trinn, og når elevane på ein slik skole blir overførte til ein skole som har eit anna hovudmål. Både norskopplæringa, dei skriftlege arbeida til elevane og den skriftlege kommunikasjonen med skolen skal vere på det hovudmålet elevane hadde på den skolen dei vart overførte frå.
Regelen gjeld ikkje ved byte av skole som følgje av at eleven flyttar til ein annan stad.
Det er kommunen som har ansvaret for å oppfylle retten til å få skriftleg opplæring på det skriftspråket dei hadde som hovudmål, og til å få opplæring i faget norsk i ei særskild språkgruppe. Retten reknast som ein del av retten til grunnskoleopplæring, og ansvaret til kommunen følgjer av § 28-1.