Opplæringslova
§ 3-3 Opplæring i kvensk eller finsk i grunnskolen
Elevar med kvensk/norskfinsk bakgrunn som går på grunnskolar i Troms og Finnmark, har rett til opplæring i kvensk eller finsk. Foreldra til elevane vel om dei skal ha opplæring i kvensk eller finsk. Elevar på 8. til 10. trinn vel sjølve om dei skal ha slik opplæring.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører i hovudsak dagens lov § 2-7 og er omtalt i punkt 31 i Prop. 57 L (2022–2023).
Det følgjer av første punktum at alle elevar med kvensk/norskfinsk bakgrunn ved grunnskolar i Troms og Finnmark kan krevje opplæring i kvensk eller finsk. Regelen stiller ikkje lenger krav om at det må vere andre elevar ved skolen som ønskjer opplæring i kvensk eller finsk, slik tidlegare regulering gjorde.
Fram til åttande trinn er det foreldra til eleven som kan krevje opplæring i kvensk eller finsk. Frå og med åttande trinn er det eleven sjølv som tek avgjerda, jf. andre punktum. Avgjerd om at ein elev skal ha opplæring i kvensk er eit enkeltvedtak, jf. forvaltningslova § 2 første ledd bokstav b. Enkeltvedtak om opplæring i kvensk kan påklagast. Reglane i § 29-1 gjeld for kven som er klageinstans. Elles gjeld reglane i forvaltningslova kapittel VI. Elevar på 8. til 10. trinn kan sjølve klage på enkeltvedtak om opplæring i kvensk eller finsk.
Heimel for departementet til å gi forskrift om læreplan for fag og tid til opplæring, inkludert i kvensk og finsk, er gitt i §§ 1-4 og 1-6.
Opplæringa kan også givast i form av fjernundervisning, sjå § 14-4. Dette kan vere aktuelt i dei tilfella der det er krevjande å rekruttere kvalifiserte lærarar. Dagens moglegheit til å gi delar av opplæringa i kvensk eller finsk gjennom andre alternative opplæringsformer, som intensivopplæring og særlege leirskoleopphald, vil vere dekt av andre paragrafar i lova, mellom anna gjennom forslaget til § 14-2 om inndeling av elevane i klassar og grupper.
Det er kommunen som har ansvaret for å oppfylle retten til opplæring i kvensk etter paragrafen. Retten reknast som ein del av retten til grunnskoleopplæring, og ansvaret til kommunen følgjer av § 28-1.