Opplæringslova
§ 3-4 Opplæring i og på norsk teiknspråk i grunnskolen
Elevar med høyrselshemming har rett til opplæring i og på norsk teiknspråk. Foreldra til elevane vel om dei skal ha opplæring i og på norsk teiknspråk. Elevar på 8. til 10. trinn vel sjølve om dei skal ha slik opplæring.
Dersom skolen ikkje har lærarar som kan gi opplæring i norsk teiknspråk, kan opplæringa givast på ein annan skole. Kommunen kan fastsetje kva skole opplæringa på norsk teiknspråk skal givast på.
Kommunen skal tilby ein del av opplæringa i eit teiknspråkleg miljø dersom det er nødvendig for at opplæringa i teiknspråk skal vere pedagogisk forsvarleg.
Forarbeid til loven
Paragrafen erstattar dagens lov § 2-6 og er omtalt i punkt 29 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd første punktum slår fast at det berre er elevar som har ei høyrselshemming, som har rett til opplæring i eller i og på norsk teiknspråk etter paragrafen. At elevar har rett til opplæring både i og på teiknspråk, inneber ikkje at eleven pliktar å bruke begge rettane. Eleven kan velje mellom å få opplæring i faget norsk teiknspråk eller å nytte seg av begge rettane og få opplæring både i og på norsk teiknspråk.
Kva som er ei høyrselshemming, er ei medisinfagleg vurdering. Det er likevel normalt sett ikkje nødvendig å innhente dokumentasjon. Det blir ikkje stilt krav til graden av høyrselshemming, og i vurderinga bør det leggjast stor vekt på om foreldra eller eleven meiner at eleven er høyrselshemma. Det beste for eleven skal vere eit grunnleggjande omsyn, jf. §§ 10-1 og 10-2 første ledd.
Det kan likevel vere nødvendig å innhente ei sakkunnig vurdering for å leggje til rette og organisere undervisninga best mogleg i kraft av utgreiingsplikta til kommunen, jf. forvaltningslova § 17 første ledd første punktum.
Det finst grupper med høyrande elevar med kommunikasjons- eller språkutfordringar som kan ha behov for opplæring i og på teiknspråk. Eit døme er elevar med autismespekterdiagnose som blir meir språkleg aktive når kommunikasjonen er basert på ein visuell og gestuell modalitet. Elevar med kommunikasjons- og språkutfordringar som ikkje er høyrselshemma, kan ha rett til opplæring i og på teiknspråk eller alternativ og supplerande kommunikasjon med grunnlag i reglane om tilpassa opplæring og alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK), jf. §§ 11-1 og 11-12.
Første ledd andre punktum slår fast at det i utgangspunktet er foreldra til elevane som vel om elevane skal ha opplæring i og på norsk teiknspråk. Første ledd tredje punktum slår fast at det frå og med 8. trinn er eleven sjølv som tek avgjerda. Avgjerd om at ein elev skal ha opplæring i og på norsk teiknspråk er eit enkeltvedtak, jf. forvaltningslova § 2 første ledd bokstav b. Enkeltvedtaket kan påklagast etter reglane i § 29-1 og reglane i forvaltningslova kapittel VI. Elevar på 8. til 10. trinn kan sjølve klage på enkeltvedtak om opplæring i og på norsk teiknspråk.
Andre ledd opnar for at kommunane kan leggje opplæringa i og på norsk teiknspråk til ein annan skole enn den eleven går på til vanleg. Unntaket frå nærskoleprinsippet er meint å gagne elevane og gjere det mogleg for dei å vere del av større teiknspråkmiljø. Sjølv om kommunen har teiknspråklærarar på ein annan skole, har kommunen inga plikt til å flytte læraren der elevane er. Dersom ein elev får opplæring i norsk teiknspråk på ein annan skole, skal eleven få resten av opplæringa på den skolen eleven går på, etter § 2-6. Departementet viser elles til omtalen i punkt 29.5.4.
Deler av opplæringa i og på norsk teiknspråk kan også givast i form av fjernundervisning etter reglane i § 14-4.
Etter tredje ledd skal kommunen tilby ein del av opplæringa i teiknspråk i eit teiknspråkleg miljø dersom det er nødvendig for at opplæringa skal vere pedagogisk forsvarleg. Regelen siktar til dei tilfella der kommunen har vedteke å tilby ein del av opplæringa i eller på teiknspråk gjennom fjernundervisning. Kommunen må gjere ei konkret vurdering av om opplæring i eit teiknspråkleg miljø er nødvendig for at opplæringa skal vere pedagogisk forsvarleg. Elevar har rettar og skoleeigar har også plikter etter andre regler i denne lova som kan komme til bruk, jf. til dømes kapittel 11 som mellom anna gir rett til intensiv opplæring, og kapittel 12, som gir reglar om skolemiljøet. Det er det totale opplæringstilbodet til eleven som er avgjerande.
Tolkinga av omgrepet «nødvendig» skal ikkje knytast til ytre rammer som til dømes økonomi og ressursar. Vurderinga skal vere knytt til om opplæring i eit teiknspråkleg miljø er nødvendig for at elevar som får opplæringa i form av fjernundervisning, skal få ei pedagogisk forsvarleg opplæring og dermed kunne nå kompetansemåla i læreplanen. Kor store delar av opplæringa i norsk teiknspråk det eventuelt er nødvendig å gi i eit teiknspråkleg miljø, må komme an på ei konkret vurdering av om den opplæringa eleven får, gir eleven eit grunnlag for å nå kompetansemåla i læreplanen eller ikkje. Vurderinga av kva som er nødvendig for at opplæringa skal vere pedagogisk forsvarleg, er eit lovbunde skjønn som tilsynsmakta og domstolen kan prøve fullt ut. Samtidig må det konkrete innhaldet i kravet utleiast på bakgrunn av pedagogiske og faglege vurderingar.
Døme på «teiknspråkleg miljø» kan vere språksamlingar der både lærarane og elevane snakkar norsk teiknspråk utanom teiknspråktimane. Det blir også vist til § 3-2 sjette ledd som gir tilsvarande regulering for opplæring i samisk i grunnskolen.