Opplæringslova
§ 3-5 Opplæring i punktskrift i grunnskolen
Elevar som er blinde eller sterkt svaksynte, har rett til nødvendig opplæring i punktskrift.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører delar av dagens lov § 2-14 og er omtalt i punkt 32 i Prop. 57 L (2022–2023).
Vilkåret for å få rett til opplæring i punktskrift er at eleven er blind eller sterkt svaksynt. Om eleven er blind eller sterkt svaksynt, er ei medisinfagleg vurdering. Det er likevel normalt sett ikkje nødvendig å innhente dokumentasjon. Om eleven har behov for opplæring i punktskrift, må vurderast ut frå både medisinfagleg og skolefagleg kunnskap og erfaring. Moment kan vere synsgrad, prognose for endring i synsgrad, kva som vil vere mest funksjonelt for lesinga og skrivinga til eleven, og totalbelastninga i situasjonen til eleven. Dessutan har det betydning kva eleven og foreldra meiner, og det beste for eleven skal vere eit grunnleggjande omsyn, jf. § 10-1 og § 10-2.
Opplæringa skal vere «nødvendig». I dette ligg at elevar skal få tilstrekkeleg opplæring til at elevar kan nyttiggjere seg punktskrift og kommunisere godt. Vurderinga av kva som er nødvendig opplæring, er eit lovbunde skjønn som tilsynsmakta og domstolen kan prøve fullt ut. Samtidig må det konkrete innhaldet i kravet utleiast på bakgrunn av pedagogiske og faglege vurderingar.
Elevar med vedtak etter § 3-5 kan samtidig ha rett til opplæring i bruk av tekniske hjelpemiddel og opplæring i mobilitet etter § 11-5 eller ADL-trening (aktivitetar i dagleglivet) etter vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring etter § 11-6.