Opplæringslova
§ 3-6 Særskild språkopplæring i grunnskolen
Elevar med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild språkopplæring til dei kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa. Særskild språkopplæring skal omfatte forsterka opplæring i norsk og, om det trengst, morsmålsopplæring, tospråkleg opplæring i fag eller begge delar.
Kommunen skal jamleg vurdere om ein elev som har vedtak om særskild språkopplæring kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa.
Kommunen kan gjere vedtak om at eleven skal få opplæringa i morsmål på ein annan skole enn den eleven går på.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører delar av dagens lov § 2-8 og er omtalt i punkt 28 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd første punktum slår fast at elevar som har eit anna morsmål enn norsk og samisk, og som ikkje meistrar norsk godt nok til å følgje opplæringa i skolen, har rett til særskild språkopplæring. Særskild språkopplæring for minoritetsspråklege elevar i grunnskolen skal alltid omfatte forsterka opplæring i norsk, jf. første ledd andre punktum. Forsterka opplæring i norsk inneber ei tilrettelagd norskopplæring med eit andrespråksperspektiv. Den forsterka opplæringa i norsk kan gå føre seg i eiga gruppe eller som tilpassing innanfor det ordinære norskfaget. Forsterka opplæring i norsk kan givast anten etter læreplanen i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar eller i form av tilpassing innanfor den ordinære læreplanen i norsk.
Målet med regelen om særskild språkopplæring er å lære eleven så raskt som mogleg å bruke norsk som reiskapsspråk. Når eleven kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa, opphøyrar rettane etter regelen.
Dersom det trengst, vil elevar i tillegg ha rett til morsmålsopplæring, tospråkleg opplæring i fag eller begge delar i ein overgangsperiode, jf. første ledd andre punktum. Endringa av vilkåret til «om det trengst», fra «om nødvendig» i dagens lov, er berre språkleg. Morsmålsopplæringa og den tospråklege opplæringa i fag kjem i tillegg til forsterka opplæring i norsk. Morsmålsopplæring er opplæring i morsmålet til eleven, medan tospråkleg opplæring i fag er opplæring i fag på norsk og morsmålet til eleven eller eit anna språk eleven kan.
Kva som er å kunne norsk «godt nok», og om det «trengst» morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag, vil vere skjønnsmessige vurderingar som i stor grad må basere seg på eit fagleg-pedagogisk kunnskapsgrunnlag. Særleg vil elevar med kort butid i Noreg og andre minoritetselevar med så svake ferdigheiter i norsk at dei ikkje kan følgje den ordinære opplæringa, ofte ha behov for morsmålsopplæring, tospråkleg opplæring i fag eller begge delar i ein overgangsperiode. Vurderingane er eit lovbunde skjønn som tilsynsmakta og domstolen kan prøve fullt ut.
Det følgjer av forvaltningslova § 17 første ledd at kommunen må greie ut saka og gjere dei nødvendige vurderingane før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring. I lys av dette er den særskilde plikta til å kartleggje ferdigheitene til elevane i norsk før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring, ikkje foreslått vidareført.
Retten til morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag varer fram til kommunen, på bakgrunn av ei fagleg-pedagogisk vurdering, reknar eleven for å ikkje lenger trenge slik opplæring. Eventuell vidare opplæring i morsmålet, etter at elevane er i stand til å følgje opplæringa på skolen, er det foreldra som har ansvaret for.
For høyrselshemma elevar som har eit utanlandsk teiknspråk som morsmål, til dømes engelsk teiknspråk, vil retten til særskild språkopplæring innebere at dei har rett til opplæring i norsk teiknspråk til dei kan norsk teiknspråk godt nok. Dette føreset at dei nyttar seg av retten til opplæring i og på norsk teiknspråk.
Dersom det ikkje finst eigna undervisningspersonale som kan undervise i morsmålsopplæring eller tospråkleg opplæring i fag, kan opplæringa givast på annan måte innanfor dei rammene som er gitt i lova. Morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag kan gjennomførast som fjernundervisning på visse vilkår, jf. § 14-4. Opplæringa kan også givast som intensiv opplæring, jf. § 11-3. Elevane kan organiserast i grupper innanfor rammene av § 14-2. Elevane kan også ha rett til individuelt tilrettelagd opplæring, jf. § 11-6. Elles skal opplæringa tilpassast evnene og føresetnadene til elevane, jf. § 11-1.
Andre ledd fastset at kommunen jamleg skal vurdere om elevar som får særskild språkopplæring, har opparbeidd seg tilstrekkelege ferdigheiter i norsk til å følgje den vanlege opplæringa. Vurderinga skal sikre at dei elevane som får særskild språkopplæring, får realisert overgangen til den vanlege opplæringa når ferdigheitene tilseier det. Kor lang tid det skal gå mellom kvar vurdering, må avgjerast konkret i kvart enkelt tilfelle.
Tredje ledd fastset at morsmålsopplæring kan leggjast til ein annan skole enn den skolen eleven går på. Forsterka opplæring i norsk og tospråkleg opplæring i fag skal givast på den skolen eleven går på.
Det er kommunen som har ansvaret for å oppfylle retten til særskilt språkopplæring etter paragrafen. Retten reknast som ein del av retten til grunnskoleopplæring, og ansvaret til kommunen følgjer av § 28-1.
Relatert innhold
Læreplan i grunnleggende norsk for språklige minoriteter
Læreplan i norsk for språklige minoriteter med kort botid i Norge - videregående opplæring
Læreplan i morsmål for språklige minoriteter
Tilrettelegge opplæringen for minoritetsspråklige og nyankomne elever