Opplæringslova
§ 4-2 Reisefølgje for og tilsyn med elevar i grunnskolen
Elevar som får skyss til og frå skolen eller skolefritidsordninga, har rett til reisefølgje og tilsyn i ventetida før og etter opplæringa eller skolefritidsordninga dersom dei treng det.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører dagens lov § 7-4 og er omtalt i punkt 37 i Prop. 57 L (2022–2023).
Elevar har rett til reisefølgje og tilsyn når dei får skyss etter § 4-1 dersom elevane «treng det». Om elevane treng reisefølgje og tilsyn, må vurderast for kvar enkelt elev. Det er særleg dei yngste elevane, til dømes på 1. trinn, og elevar med nedsett funksjonsevne, skade eller sjukdom som kan trenge reisefølgje og tilsyn. Kommunen skal i slike tilfelle sørgje for nødvendig reisefølgje og også dekkje skysskostnader og andre utgifter knytte til reisefølgjet, jf. § 28-7.
Retten til tilsyn gjeld som hovudregel tilsyn medan eleven ventar på skoleområdet før og etter skoletid. Tilsyn i samband med at eleven byter skyssmiddel, kan i nokre tilfelle også vere omfatta av tilsynsplikta. Dette gjeld der byte av skyssmiddel er særleg farleg. Til dømes kan dei yngste elevane bli utsette for særleg farlege situasjonar på ein stor og travel busshaldeplass der dei må byte buss på veg til skolen.