Opplæringslova
§ 4-4 Leksehjelp
Kommunen skal ha tilbod om gratis leksehjelp til elevar i grunnskolen. Departementet kan gi forskrift om leksehjelptilbodet.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører i hovudsak dagens lov § 13-7 a. Paragrafen er omtalt i punkt 38.3 i Prop. 57 L (2022–2023). Reglane om skolemiljø, forbod mot ansiktsdekkjande plagg og politiattest gjeld også for leksehjelpsordningar. Dette følgjer av §§ 12-1, 17-11 og 27-2.
Med «leksehjelp» etter første punktum er det meint både hjelp til lekser i tradisjonell forstand og hjelp til skolearbeid elles. Leksehjelp skal tilbydast uavhengig av om skolen gir elevane oppgåver som det er meininga at elevane skal gjere utanfor skoletida, altså lekser i tradisjonell forstand. Regelen har ikkje betydning for om lekser kan givast, og eventuelt kor mykje leksar som kan givast. Moglegheit til å gi lekser er regulert i § 10-6 andre ledd.
Plikta til å ha eit «tilbod» om leksehjelp inneber ikkje at alle elevar skal få tilbod om leksehjelp. Kommunen bestemmer korleis tilbodet skal innrettast, på kva trinn leksehjelp skal tilbydast, og kor mange plassar det skal vere. At det skal vere eit «tilbod», inneber at det er frivillig for elevane å delta.
Departementet kan etter andre punktum gi nærare reglar om leksehjelpa i forskrift.