Opplæringslova
§ 4-5 Skolefritidsordning
Kommunen skal ha tilbod om skolefritidsordning før og etter skoletid for elevar på 1. til 4. trinn og for elevar med særlege behov på 1. til 7. trinn. Kommunen kan krevje at foreldra dekkjer kostnadene til skolefritidsordninga.
Kommunen skal leggje til rette for leik og kultur- og fritidsaktivitetar i skolefritidsordninga. Aktivitetane skal vere tilpassa alderen, funksjonsevna og interessene til barna. I skolefritidsordninga skal barna få omsorg og bli passa godt på, og barn med nedsett funksjonsevne skal få gode utviklingsvilkår.
Når skolefritidsordninga er knytt til skolar, skal rektor vere leiar. Kommunen kan gjere unntak frå kravet.
Kommunen kan nytte private til å drive skolefritidsordninga.
Kommunen gir forskrift om skolefritidsordninga. Forskrifta skal ha reglar om
- eigarforhold
- kven som er opptaksmyndigheit
- opptakskriterium
- opptaksperiode og oppseiing
- foreldrebetaling
- leike- og opphaldsareal
- dagleg opphaldstid og årleg opningstid
- personale og leiing.
Departementet kan gi forskrift om gratis skolefritidsordning, moderasjonsordningar og om innhald og oppgåver for skolefritidsordninga.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører i hovudsak dagens lov § 13-7. Paragrafen er omtalt i punkt 38.2 i Prop. 57 L (2022–2023). Reglane om skolemiljø, forbod mot ansiktsdekkjande plagg og politiattest og enkelte reglar om skyss gjeld også for skolefritidsordninga. Dette følgjer av §§ 12-1, 17-11 og 27-2.
Plikta i første ledd første punktum til å ha eit «tilbod» om skolefritidsordning inneber ikkje at alle elevar skal få tilbod om å delta på skolefritidsordning. Tilbodet skal gjelde for barn på 1. til 4. trinn og for barn med særlege behov på 1. til 7. trinn, men kommunen er ikkje forplikta til å opprette eit bestemt tal plassar eller til å gi tilbod om skolefritidsordning ved meir enn éin av skolane i kommunen. Plikta gjeld eit skolefritidstilbod «før og etter skoletid». Kommunen er dermed ikkje forplikta til å gi tilbod om skolefritidsordning i feriane. At det skal vere eit tilbod, inneber også at det er frivillig for elevane å delta på skolefritidsordninga.
Første ledd andre punktum slår fast at kommunen kan ta betalt for skolefritidsordninga. Det inneber at kommunen kan ta betalt for kostnaden, men kan ikkje ha inntekter gjennom foreldrebetalinga som overstig dei totale kostnadene til kommunen for skolefritidsordninga. Det er ikkje eit forbod mot at foreldrebetalinga for kvar enkelt plass overstig kostnaden for den aktuelle plassen. Kommunen kan dermed ha ein ordinærpris som overstig gjennomsnittskostnaden for éin plass, for å kunne gi redusert pris til til dømes søsken eller familiar med låg inntekt. Korleis sjølvkost skal bereknast, er fastsett i kommunelova § 15-1. Vurderinga av om foreldra skal betale for skolefritidsordninga, er opp til kommunen og er ei skjønnsmessig vurdering. Dette er eit forvaltningsskjønn som domstolane og tilsynsmakta ikkje kan overprøve.
Andre ledd beskriv innhaldet i skolefritidsordninga og kva skolefritidsordninga skal vere. Innanfor desse rammene bestemmer kommunen korleis tilbodet skal innrettast. Innhaldet er nærare omtalt i forskrift om rammeplan for skolefritidsordninga. Slik forskrift er heimla i sjette ledd.
Tredje ledd slår fast at rektor skal vere leiar for skolefritidsordninga dersom ordninga er tilknytt ein skole. Kommunen kan gjere unntak frå kravet, til dømes når kommunen nyttar private til å drive skolefritidsordninga.
Fjerde ledd inneber at kommunen kan delegere myndet til å gjere vedtak om og i skolefritidsordningar til private, og at private kan gi tilbod om skolefritidsordning på vegner av kommunen. Sjølv om kommunen nyttar private til å oppfylle plikta til å ha eit tilbod om skolefritidsordning, er det kommunen som har ansvaret for at reglane i opplæringslova blir oppfylte. Kravet om internkontroll i kommunelova § 25-1 inneber at kommunen må sikre og følgje med på at innbyggjarane får det dei har krav på, anten kommunen utfører oppgåva sjølv eller gjennom private aktørar. Dette kan gjerast på ulike måtar. Det kan til dømes inngå visse rutinar for oppfølging av avtalen kommunen har med ein privat aktør. Uansett vil det måtte inngå i internkontrollen til kommunen, etter ordinær risikovurdering, å ha rutinar, prosedyrar og så vidare for å sikre kommunens kontroll med at innbyggjarane får det dei har krav på, sjølv om ein privat aktør utførar oppgåva.
Femte ledd pålegg kommunen å fastsetje forskrift med reglar for skolefritidsordninga om nærare oppgitte forhold. Forskrifta må fastsetjast i samsvar med reglane i forvaltningslova kapittel VII.
Sjette ledd gir departementet heimel til å gi forskrift om skolefritidsordninga. Dette inkluderer reglar om gratis skolefritidsordning og om moderasjonsordningar og om innhald og oppgåver for skolefritidsordninga.