Opplæringslova
§ 4-6 Skoletur med overnatting
Kommunen skal som ein del av grunnskoleopplæringa tilby elevane leirskoleopphald eller annan skoletur med minst tre overnattingar i samanheng.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører dagens lov § 13-7 b og er omtalt i punkt 36 i Prop. 57 L (2022–2023).
Plikta gjeld berre for offentlege grunnskolar. Private skolar godkjende etter privatskolelova og private grunnskolar godkjende etter § 22-1 har ikkje ei tilsvarande plikt.
Paragrafen pålegg kommunane ei plikt til å tilby leirskoleopphald eller ein annan skoletur med overnatting som del av grunnskoleopplæringa. Opphaldet skal ha ei lengd på minst tre overnattingar, og overnattingane må vere i samanheng. Skolane kan velje å tilby eit tradisjonelt leirskoleopphald eller ein annan skoletur med overnatting, som kan vere utanlandstur.
Kommunane si plikt gjeld for alle elevar i grunnskolen. Ein må ta omsyn til ulike behov i elevgruppa når ein planlegg turen. For å sikre at flest mogleg elevar blir med, bør turen planleggjast i god tid og i samarbeid med foreldre og elevar. Foreldre må få informasjon om kva ein slik tur inneber, og kva opplegget på turen skal vere. Ein bør til dømes gi informasjon om overnatting, transport, måltid og talet på vaksne som er til stades. Turen skal vere gratis, og skolen må leggje til rette for at elevar med særlege behov, til dømes funksjonsnedsetjingar, skal kunne delta.
Skoleturen skal vere ein del av grunnskoleopplæringa og må derfor vere i samsvar med læreplanverket. Dette inneber mellom anna at skolane må rette seg etter verdigrunnlaget i den generelle delen av læreplanen og kompetansemåla som er fastsette i læreplanane for fag, og at dei må oppfylle minstekrava i fag- og timefordelinga. Innanfor rammene av læreplanverket står skolane fritt til å planleggje skoleturen. Dette er i samsvar med korleis kommunane og skolane normalt skal organisere og gjennomføre opplæringstilbodet sitt.