Opplæringslova
§ 4-7 Overgangen frå barnehagen til skolen
Kommunen skal sørgje for at barna får ein trygg og god overgang frå barnehagen til skolen og skolefritidsordninga.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører i hovudsak dagens lov § 13-5. Paragrafen er omtalt i punkt 23.5.1 i Prop. 57 L (2022–2023).
Kva som er ein trygg og god overgang frå barnehagen til skolen og skolefritidsordninga, er ei skjønnsmessig vurdering. Skjønnet er eit lovbunde skjønn, samtidig som vurderinga må gjerast med grunnlag i fagleg-pedagogisk kunnskap og erfaring. Både barnehagefagleg og skolefagleg kunnskap og erfaring er relevante. Ein trygg og god overgang frå barnehage til skole og skolefritidsordning handlar mellom anna om at barn og foreldre opplever overgangen som føreseieleg og veit kva dei kan forvente når barnet byrjar på skolen og skolefritidsordninga. Ein trygg og god overgang handlar også om at skolen er førebudd på kva erfaringar barna har med seg frå barnehagen. For å oppnå dette bør kommunen leggje til rette for ein god dialog som involverer foreldre og barnehage, skole og i skolefritidsordning. Barnehagen og skolen bør gi kvarandre gjensidig informasjon om verksemdene sine. Kvar enkelt skoleeigar må, i samarbeid med barnehageeigarane, finne tenlege løysingar for korleis barnehageeigarane konkret skal involverast og takast omsyn til i arbeidet med å sikre ein trygg og god overgang.
Sørgje for-plikta inneber at det er kommunen som har hovudansvaret for samarbeidet med barnehagane om overgangen. Det er opp til kommunen å vurdere på kva måte han vil sørgje for overgangen, og om det skal utarbeidast ein plan for overgangen. Ein heilskapleg plan kan vere tenleg, men det sentrale er at kommunen etablerer og følgjer rutinar som sikrar ein trygg og god overgang. Plikta må sjåast i samanheng med kravet til internkontroll etter kommunelova § 25-1. Som ein del av internkontrollen skal kommunen ha nødvendige rutinar og prosedyrar for å sikre at kommunen varetek kravet til ein trygg og god overgang frå barnehagen. Det kan til dømes vere rutinar for korleis skolen og skolefritidsordninga skal få overført nødvendig informasjon om barnet frå barnehagen.
Plikta til å sikre ein trygg og god overgang gjeld på eit overordna nivå og inneber ikkje eit samarbeid med barnehagane om kvart enkelt barn. For barn med omfattande hjelpebehov er det likevel nødvendig å planleggje og samarbeide om overgangen på individnivå. Kommunen må sørgje for ein trygg og god overgang for alle barn, og det må takast særleg omsyn til korleis overgangen skal gjerast trygg for barn med særlege behov. Dette må gjerast i god tid før skolestart. Det kan til dømes vere behov for at skolen gjennomfører kompetanseheving av personalet, eller for at kommunen sikrar nødvendige personalressursar og spesialpedagogisk eller annan individuelt tilpassa kompetanse for å kunne vareta barn med behov for individuelt tilrettelagt opplæring og personleg assistanse, eller at kommunen sørgjer for fysisk tilrettelegging av skolen i forkant av skolestart. Planlegginga omkring enkeltbarn kan i nokre tilfelle involvere fleire aktørar. Nokre minoritetsspråklege barn vil ha behov for spesiell tilrettelegging når det gjeld språk. Samiske barn kan ha rett til opplæring i samisk, jf. § 3-2, og barn med kvensk/norskfinsk bakgrunn kan ha krav på opplæring i kvensk eller finsk, jf. § 3-3.
Informasjonsoverføring om det enkelte barnet føreset løyve frå foreldra. Kravet til løyve frå foreldra gjeld uavhengig av om informasjonen blir overført skriftleg eller munnleg. Foreldra må få innsyn i og innverknad over informasjonsutvekslinga mellom barnehagen og skolen. Sjå nærare om krav til løyve frå foreldra ved deling av personopplysningar i barnehagelova § 2 a og Prop.145 L (2020–2021) Endringar i opplæringslova, barnehagelova, og friskolelova m.m. (behandling av personopplysningar, fjernundervisning o.a.).
Det er oppgåva om å sørgje for at barna får ein trygg og god overgang, som gir rammene for kva opplysningar som kan behandlast, og i kva utstrekning. Det følgjer av § 25-1 første ledd at personopplysningar kan behandlast berre så langt det er nødvendig for den konkrete oppgåva eller plikta.
Plikta gjeld overgangen frå barnehagen til offentlege skolar og skolefritidsordningar som er oppretta etter opplæringslova, både offentlege og private. Plikta gjeld uavhengig av om barnet kjem frå ein privat eller ein offentleg barnehage.
Formålet med regelen er at alle barn skal få ein trygg og god skolestart. Plikta gjeld ved overgangen frå barnehage til skole, men kommunen bør også ta kontakt med foreldre til barn som ikkje går i barnehage, og leggje til rette for ein god skolestart også for desse barna. Sjå også plikta skolen etter § 10-3 har til å samarbeide med foreldra, som mellom anna omfattar samarbeid om skolestarten til barnet.