Opplæringslova
§ 30-1 Iverksetjing og oppheving
Lova gjeld frå den tida Kongen fastset. Samstundes blir lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa oppheva. Kongen kan setje i verk ulike kapittel eller reglar i lova til ulik tid.
Forarbeid til loven
Paragrafen erstattar dagens lov § 16-1 og er omtalt i punkt 67.2 i Prop. 57 L (2022–2023) Etter første punktum fastset Kongen når lova skal tre i kraft. Andre setning fastset at frå same tid blir lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa oppheva. I tredje punktum blir det gitt heimel til at Kongen kan vedta delt iverksetjing, det vil seia at kapitla og paragrafane i lova kan tre i kraft til ulik tid. Kongen kan delegere myndigheita til å setje i verk deler av lova til departementet.