Opplæringslova
§ 30-2 Overgangsreglar
Forskrifter og enkeltvedtak med heimel i reglar som blir oppheva eller endra med denne lova, står ved lag til Kongen fastset noko anna. Kongen kan gi forskrift med overgangsreglar for tilpassing til denne lova.
Personale i grunnskolen som var tilsett i uoppseieleg stilling 1. august 1999, kan ikkje seiast opp, og lov 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen § 24 nr. 1 andre ledd og nr. 2 gjeld for dei.
Forarbeid til loven
Paragrafen erstattar delvis dagens lov § 16-2 og er omtalt i punkt 67.3 i Prop. 57 L (2022–2023) Heimelsgrunlaget for fleire forskrifter og enkeltvedtak vil etter at denne lova blir sett i verk ligge i denne lova. Det gjeld til dømes forskrift til opplæringslova, læreplanverket og lokale forskrifter, herunder skoleregler.
Forskriftene og enkeltvedtaka vil etter første ledd første punktum stå ved lag inntil Kongen fastset noko anna. Etter første ledd andre punktum kan Kongen gi overgangsreglar for å sikre ei god overgang til ny lov.
I andre ledd vert stillingsvernet til enkelte ansatte i grunnskolen vidareført, se merknad til dagens lov § 16-2 i Ot.prp.nr.46 (1997–1998).