Opplæringslova
§ 18-1 Formålet med opplæringa for vaksne
Formålet med opplæringa i § 1-3 og dei overordna måla og prinsippa for opplæringa med heimel i § 1-4 gjeld så langt det passar for opplæring for vaksne. Opplæringa skal byggje på den kompetansen deltakarane allereie har, og skal leggjast opp slik at deltakarane så raskt som mogleg kan oppnå relevant kompetanse for arbeid eller vidare utdanning.
Forarbeid til loven
Paragrafen er delvis ny, og han fører delvis vidare dagens lov § 4A-6 første ledd første punktum. Paragrafen er omtalt i punkt 43.8 i Prop. 57 L (2022–2023).
At formålet og dei overordna måla og prinsippa for opplæringa gjeld «så langt det passar», betyr at det må takast omsyn til at deltakarar i opplæringa for vaksne skil seg frå elevar på grunn av alder og livssituasjon. Det er enkelte element i formålet og dei overordna måla og prinsippa for opplæringa, som samarbeid med heimen, som ikkje passar for vaksne. I tillegg vil danningsperspektivet vere tona meir ned i opplæringa for vaksne enn i opplæringa for barn og unge.
Tilleggsformålet i andre punktum om at opplæringa må kunne byggje på den kompetansen vaksne allereie har, og leggjast opp slik at opplæringa kan gjennomførast så raskt som mogleg, blir mellom anna støtta opp under av reglane om realkompetansevurdering i § 18-8 og reglane om organisering av opplæringstilbodet i § 19-2.