Opplæringslova
§ 18-10 Rett til opplæring for vaksne som ikkje har opphaldsløyve
Det er eit vilkår for rett til førebuande opplæring at ein har lovleg opphald i landet. Dei som er over opplæringspliktig alder, og som oppheld seg lovleg i landet medan dei ventar på svar på søknad om opphaldsløyve, har rett til førebuande opplæring ut det skoleåret som tar til det året dei fyller 18 år. Dei som får avslag på søknaden om opphaldsløyve, har berre rett til førebuande opplæring fram til datoen for det endelege vedtaket.
Det er eit vilkår for rett til vidaregåande opplæring at søkjaren har lovleg opphald i landet. Dei som oppheld seg lovleg i landet medan dei ventar på svar på søknad om opphaldsløyve, har likevel ikkje rett til vidaregåande opplæring for vaksne.
Forarbeid til loven
Paragrafen er ei delvis vidareføring av reglane i dagens lov § 4A-1 fjerde ledd og 4A-3 åttande ledd og er omtalt i punkt 41 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd første punktum presiserer hovudregelen om at ein må ha lovleg opphald i landet for å få rett til førebuande opplæring for vaksne. Dei som oppheld seg ulovleg i landet, vil følgjeleg ikkje ha rett til slik opplæring. Det er reglane i utlendingslova som avgjer om dei som søkjer om opphaldsløyve, kan opphalde seg lovleg i Noreg.
Første ledd andre punktum innskrenkar hovudregelen i første punktum, ved at dei som oppheld seg lovleg i landet i vente på å få avgjort søknad om opphaldsløyve, ikkje har rett til førebuande opplæring lenger enn ut det skoleåret som byrjar det året ein fyller 18 år. Retten til førebuande opplæring for dei under 18 år som søkjer om opphaldsløyve i landet, medfører ikkje rett til å få opphaldsløyve og er ikkje til hinder for effektuering av vedtak om avslag på søknad om opphaldsløyve. Nordiske borgarar treng ikkje søkje opphaldsløyve i Noreg. Det same gjeld som hovudregel utlendingar som blir omfatta av EØS-avtalen og EFTA-konvensjonen. Det er reglane i utlendingslova som avgjer kven som treng opphaldsløyve for å opphalde seg i Noreg.
Første ledd tredje punktum avgrensar retten til førebuande opplæring for dei som får avslag på søknaden om opphaldsløyve. Desse har rett til opplæring fram til tidspunktet for vedtak om endeleg avslag på søknaden om opphaldsløyve. Endeleg vedtak vil normalt vere anten avslag frå klageinstansen (Utlendingsnemnda) eller avslag frå førsteinstansen (Utlendingsdirektoratet) som ikkje er klaga på innan utløpet av klagefristen. Kva som er det endelege vedtaket, kjem fram av reglane i utlendingslova.
Andre ledd slår fast at dei som oppheld seg ulovleg i Noreg, ikkje har rett til vidaregåande opplæring for vaksne. Det same gjeld dei som oppheld seg i Noreg lovleg i vente på å få avgjort ein søknad om opphaldsløyve.