Opplæringslova
§ 18-11 Plikt til oppmøte og aktiv deltaking i opplæringa for vaksne
Vaksne deltakarar i førebuande opplæring og vidaregåande opplæring har plikt til å møte opp til opplæringa og delta aktivt.
Kommunen og fylkeskommunen kan etter søknad gje permisjon frå opplæringa.
Forarbeid til loven
Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 43.26 i Prop. 57 L (2022–2023).
Plikta til å møte opp i første ledd inneber å møte opp til den tida og på den staden som er bestemt av kommunane og fylkeskommunane. Det skal ikkje vere ein høg terskel for å oppfylle kravet om å delta aktivt. Den vaksne må vere til stades for å få opplæring og sjølv bidra for å tileigne seg kunnskap.
Dersom vaksne deltakarar skal kunne visast bort eller det skal brukast andre tiltak ved brot på plikta til å møte opp og delta aktivt, må dette komme fram i dei lokale reglane som kan fastsetjast for kvar enkelt opplæringsstad, jf. § 20-3.
Dersom kommunane eller fylkeskommunane gir permisjon frå opplæringa, jf. andre ledd, vil det ikkje vere eit brot på oppmøteplikta i første ledd. Det er opp til kommunane og fylkeskommunane å bestemme kva slags tilfelle som skal gi grunnlag for permisjon. Desse avgjerdene byggjer på eit forvaltningsskjønn som tilsynsmakta og domstolane ikkje kan overprøve. Reglar om kva som gir grunnlag for permisjon, bør nedfellast i lokale reglar etter § 20-3. For deltakarar som får førebuande opplæring eller vidaregåande opplæring som ein del av introduksjonsprogrammet, gjeld også reglane om fråvær i forskrift til integreringslova.