Opplæringslova
§ 18-3 Rett til vidaregåande opplæring for vaksne
Dei som har fullført grunnskoleopplæring eller tilsvarande opplæring, men ikkje har studiekompetanse eller yrkeskompetanse frå vidaregåande opplæring, har rett til vidaregåande opplæring for vaksne frå det skoleåret som tar til det året dei fyller 19 år. Det gjeld også dei som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men ikkje får godkjent opplæringa som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg.
Dei som har rett til vidaregåande opplæring for vaksne, skal komme inn på eit opplæringstilbod som fører fram til ein av tre sluttkompetansar som dei har søkt på. Fylkeskommunen skal sørgje for at søkjarar med betydeleg realkompetanse knytt til ein viss yrkeskompetanse får høve til å formalisere denne kompetansen gjennom fag- eller sveinebrev.
Dersom fylkeskommunen tilbyr det, kan dei som har rett til vidaregåande opplæring etter denne paragrafen, men som ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter § 5-1, likevel velje vidaregåande opplæring etter kapittel 5. Dei får då dei same rettane og pliktene som dei med rett til vidaregåande opplæring etter § 5-1.
Departementet kan gi forskrift om kven som har rett til vidaregåande opplæring for vaksne, og om inntaket til opplæringa.
Forarbeid til loven
Paragrafen fører delvis vidare dagens lov § 4A-3 første ledd. Paragrafen er omtalt i punkt 40.2 og 43.5 i Prop. 57 L (2022–2023).
Paragrafen handlar om rett til vidaregåande opplæring for vaksne. For vidaregåande opplæring for vaksne gjeld femte del av lovforslaget. Den første, sjuande og åttande delen i lovforslaget gjeld generelt, og det følgjer av kvar enkelt paragraf om han gjeld for opplæring for vaksne. Reglane i andre, tredje og fjerde del gjeld ikkje for opplæring for vaksne med mindre det er fastsett i den femte delen at ein regel gjeld. Dei som får vidaregåande opplæring for vaksne, blir omtalte i lova som «vaksne deltakarar» eller «deltakarar», uavhengig av om dei har rett til slik opplæring eller ikkje.
Første ledd regulerer kven som har rett til vidaregåande opplæring for vaksne.
Kva som skal til for å reknast for å ha «fullført grunnskoleopplæring eller tilsvarande opplæring» jf. første ledd første punktum, er nærare definert i forskrift til opplæringslova.
Dei som har fullført opplæring på grunnskolenivå for vaksne, i lova kalla «førebuande opplæring», har også oppfylt dette vilkåret. Det er presisert i lova at rett til vidaregåande opplæring for vaksne gjeld frå det skoleåret som byrjar det året ein fyller 19 år. Før dette, og fram til ein er 24 år, kan ein ha rett til vidaregåande opplæring for ungdom etter § 5-1. Dette betyr at dei i alderen mellom 19 og 24 år kan velje mellom vidaregåande opplæring for ungdom og vidaregåande opplæring for vaksne.
Vilkåret i første ledd første punktum om at ein ikkje allereie har studiekompetanse eller yrkeskompetanse, inneber at ein har rett til vidaregåande opplæring for vaksne fram til ein har oppnådd studie- og yrkeskompetanse, uavhengig av kor lang tid ein bruker på å oppnå slik kompetanse. Dei som har oppnådd ein sluttkompetanse på eit lågare nivå enn studie- eller yrkeskompetanse, i dag omtalt som grunnkompetanse, vil ha retten til vidaregåande opplæring i behald fram til dei har oppnådd full studie- eller yrkeskompetanse.
Det følgjer av første ledd andre punktum at ein også har rett til vidaregåande opplæring dersom ein har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men ikkje har fått denne godkjend i Noreg. At opplæringa ikkje blir godkjend i Noreg, betyr at opplæringa ikkje gir generell studiekompetanse etter GSU-lista (generell studiekompetanse for utanlandske søkjarar) eller ikkje blir godkjend av norske styresmakter som sidestilt med norsk fag- eller sveinebrev. Dersom opplæringa ikkje har vorte vurdert av norske styresmakter, skal ho i utgangspunktet reknast som ikkje godkjend.
Andre ledd fastset hovudregelen om inntak til vidaregåande opplæring for vaksne. Nærare inntaksreglar blir fastsette i forskrift med heimel i femte ledd. Inntaksreglane gjeld også dersom ein søker har rett til vidaregåande opplæring etter § 18-4. Retten til inntak på eit opplæringstilbod som fører fram til éin av tre ønskte sluttkompetansar, gjeld innanfor det fylkeskommunane tilbyr. Planlegginga og utbygginga til fylkeskommunen (dimensjoneringa) av det vidaregåande tilbodet er regulert i § 19-11, jf. § 5-3. At fylkeskommunane skal sørgje for at vaksne «med betydeleg realkompetanse knytt til ein yrkeskompetanse får høva til å formalisera denne kompetansen gjennom fag- eller sveinebrev», gir ikkje ein individuell rett for den enkelte til å kunne formalisere ein bestemt yrkeskompetanse. Plikta kan oppfyllast ved å formidle læreplass, gi opplæringstilbod eller på andre måtar leggje til rette for at søkaren kan oppnå fag- eller sveinebrev. Andre måtar kan vere å tilby kurs som grunnlag for teoriprøve, slik at den vaksne kan ta fagbrev som praksiskandidat eller leggje til rette for fagbrev på jobb. Kva som er realkompetanse, må vurderast konkret av fylkeskommunen. Vilkåret vil vere oppfylt dersom den vaksne har kunnskap og ferdigheiter på eit slikt nivå og av eit slikt omfang at ho eller han kan formalisere kompetansen gjennom dei ovannemnde ordningane, eventuelt med opplæring i enkelte fag i tillegg. Det vil då vere opp til den vaksne om han eller ho vil nytte eit tilbod om formalisering av kompetansen eller søkje inntak på opplæringstilbod som gir éin av tre sluttkompetansar.
Tredje ledd regulerer tilfelle der vaksne blir tatt inn i vidaregåande opplæring for ungdom. At dei får dei same rettane og pliktene, inneber også at dei får rett til å fullføre opplæringsløpet på lik linje med dei som har rett til slike tilbod. Det er opp til fylkeskommunane om dei vil tilby ein vaksen å ta vidaregåande opplæring for ungdom, og den vaksne vel sjølv om han eller ho vil ta imot eit slikt tilbod. Dei mellom 19 og 24 år har likevel rett til velje mellom vidaregåande opplæring for ungdom og vidaregåande opplæring for vaksne, jf. § 5-1 tredje ledd.
Fjerde ledd gir departementet heimel til å gi forskrift om kven som har rett til vidaregåande opplæring for vaksne, og om inntaket. Forskriftsreglane kan ikkje innskrenke rettar etter lova, men kan utfylle lova. Til dømes kan det regulerast i forskrift på kva grunnlag ein blir rekna for å ha fullført grunnskoleopplæring eller tilsvarande opplæring. Det kan med heimel i denne bli gitt forskriftsreglar om alt inntak til vidaregåande opplæring for vaksne, inkludert inntak til rekvalifisering etter § 18-4, inntak av vaksne utan rett etter § 18-5, formidling til læreplass eller inntak til alternativt tilbod etter § 18-6 og inntak til påbygging eller opplæring fram mot studiekompetanse etter § 18 7.