Opplæringslova
§ 18-4 Rett til yrkesfagleg rekvalifisering
Dei som har oppnådd studiekompetanse eller yrkeskompetanse, har rett til vidaregåande opplæring fram til éin ny sluttkompetanse innanfor eit yrkesfagleg utdanningsprogram.
Forarbeid til loven
Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 40.3 i Prop. 57 L (2022–2023).
Paragrafen fastset ein rett til yrkesfagleg rekvalifisering. Dette inneber ein rett til fag- og yrkesopplæring for personar som allereie har ein fullført og bestått studie- eller yrkeskompetanse, og som derfor ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter §§ 5-1 eller 18-3. Retten er avgrensa til opplæring fram mot éin ny yrkeskompetanse. Dei som nyttar seg av retten til yrkesfagleg rekvalifisering, blir omfatta av reglane om vidaregåande opplæring for vaksne.