Opplæringslova
§ 18-5 Vidaregåande opplæring for vaksne utan rett
Fylkeskommunen kan gi vidaregåande opplæring til dei som har brukt opp retten til vidaregåande opplæring.
Fylkeskommunen kan gi vidaregåande opplæring til dei som er over opplæringspliktig alder, og som ikkje har fullført grunnskoleopplæring eller tilsvarande opplæring.
Dei som blir tatt inn til vidaregåande opplæring for vaksne utan å ha rett til det, får dei same rettane og pliktene som dei med rett til vidaregåande opplæring etter § 18-3.
Forarbeid til loven
Paragrafen erstattar delvis dagens opplæringslov § 13-3 tredje ledd og er delvis ny. Paragrafen er omtalt i punkt 43.9 og 43.10 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd presiserer at fylkeskommunen kan gi vidaregåande opplæring til dei som har brukt opp retten til vidaregåande opplæring. Dette omfattar dei som har oppnådd studiekompetanse eller yrkeskompetanse, og som i tillegg har brukt retten til rekvalifisering etter § 18-4 eller påbygging eller opplæring fram til generell studiekompetanse etter §§ 5-7 eller 18-7. Fylkeskommunen har inga plikt til å tilby opplæring til dei som ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter kapittel 5 eller kapittel 18.
Andre ledd inneber at fylkeskommunane kan tilby opplæring på vidaregåande nivå også til vaksne som ikkje oppfyller vilkåret i første ledd om fullført grunnskoleopplæring eller tilsvarande opplæring. Fylkeskommunen avgjer sjølv om han vil tilby opplæring til denne gruppa. Denne avgjerda byggjer på eit forvaltningsskjønn som tilsynsmakta og domstolane ikkje kan overprøve. Vaksne har ikkje rett til vidaregåande opplæring i slike tilfelle. Fylkeskommunane kan tilby opplæring innanfor alle fag i vidaregåande opplæring. Kombinerte tilbod med førebuande og vidaregåande opplæring må givast i samarbeid med kommunen, som er ansvarleg for den førebuande opplæringa for vaksne etter § 18-2, jf. § 28-1. Kombinert opplæring på førebuande og vidaregåande nivå vil typisk kunne vere aktuelt der deltakaren har realkompetanse innanfor eit yrkesfag, men elles manglar ein del opplæring på grunnskolenivå. Det kan også vere aktuelt dersom deltakaren berre manglar opplæring i nokre fag på grunnskolenivå og elles er i stand til å følgje fag på vidaregåande nivå. Fylkeskommunane kan ikkje utferde dokumentasjon på studie- eller yrkeskompetanse før også den førebuande opplæringa er fullført.
Tredje ledd regulerer kva reglar som gjeld når vaksne utan rett til vidaregåande opplæring blir tekne inn til slik opplæring. At dei får dei same rettane og pliktene, inneber også at dei får rett til å fullføre opplæringsløpet på lik linje med dei som har rett til vidaregåande opplæring.