Opplæringslova
§ 18-6 Rett til læreplass eller anna tilbod i den vidaregåande opplæringa for vaksne
Dei som har lovfesta rett til opplæring etter § 18-3, og som oppfyller vilkåra for å bli formidla til læretid i bedrift, har rett til læreplass. Dersom dei ikkje får tilbod om læreplass, har dei rett til eit anna opplæringstilbod som gir grunnlag for den sluttkompetansen dei er tatt inn på.
Når vaksne deltakarar får opplæringa i bedrift, gjeld kapittel 7 for den delen av opplæringa.