Opplæringslova
§ 18-7 Påbygging og opplæring fram til generell studiekompetanse
Dei som har bestått fag- og yrkesopplæring, har rett til påbygging til generell studiekompetanse frå det skoleåret som tar til det året dei fyller 19 år.
Dei som har oppnådd yrkeskompetanse utan å ha bestått fellesfaga som normalt inngår i opplæringsløpet, har ikkje rett til påbygging, men rett til vidaregåande opplæring etter § 18-3 fram til generell studiekompetanse. Dette gjeld uavhengig av den nedre aldersgrensa i § 18-3 første ledd.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører dagens lov § 4A-3 sjuande ledd med endringar. Paragrafen er omtalt i punkt 43.7 i Prop. 57 L (2022–2023).
At paragrafen gjeld for påbygging til generell studiekompetanse frå det skoleåret som byrjar det året ein fyller 19 år, må sjåast i samanheng med at retten til påbygging til generelle studiekompetanse for dei under 19 år er regulert i § 5-7. Sjå merknaden til § 5-7.
Med «bestått fag- og yrkesopplæring» i første ledd er det meint bestått opplæringsløp i tråd med læreplanverket som dannar grunnlag for utferding av vitnemål. Dei som til dømes har fått fag- eller sveinebrev gjennom praksiskandidatordning eller ordninga med fagbrev på jobb, vil derfor ikkje ha rett til påbygging. Dei vil likevel ha rett til opplæring fram mot studiekompetanse etter andre ledd.
Med «yrkeskompetanse utan å ha bestått fellesfaga» i andre ledd er det særleg sikta til dei tilfella fag- eller sveinebrev blir oppnådd på slikt grunnlag. Andre ledd vil ikkje vere aktuelt ved yrkeskompetanse i lærefag som ikkje blir avslutta med fag- eller sveineprøve, ettersom det per i dag ikkje finst ordningar for å oppnå slik kompetanse utan at fellesfaga inngår. Med «fellesfaga som normalt inngår i opplæringsløpet» er det sikta til fellesfaga som inngår i læreplanane fram mot den aktuelle yrkeskompetansen etter § 5-4, og også etter § 19-1 dersom det blir brukt felles læreplanar. Dei som har fullført og bestått modulisert fag- og yrkesopplæring for vaksne, vil ikkje ha opplæring i alle fellesfaga som normalt inngår i opplæringsløpet fram mot den aktuelle yrkeskompetansen. Desse vil då ikkje ha rett til påbygging til generell studiekompetanse etter første ledd. I staden vil dei ha rett til vidaregåande opplæring fram mot generell studiekompetanse etter andre ledd. Kva slags opplæring den enkelte treng, må vurderast konkret ut frå kompetansen til den enkelte, jf. 19-1 første ledd. Dei som til dømes har oppnådd fag- eller sveinebrev gjennom fagbrev på jobb- eller praksiskandidatordninga, vil også ha rett til vidaregåande opplæring fram mot studiekompetanse etter andre ledd.