Opplæringslova
§ 18-8 Realkompetansevurdering
Dei som har rett til opplæring for vaksne, har rett til å få realkompetansen sin vurdert og dokumentert.
Dei som ikkje har rett til opplæring for vaksne, har rett til å få realkompetansen sin vurdert og dokumentert dersom kommunen eller Arbeids- og velferdsetaten tilrår det.
Departementet kan gi forskrift om realkompetansevurdering, om klage på realkompetansevurdering og om dokumentasjon.
Forarbeid til loven
Paragrafen er ei delvis vidareføring av dagens lov § 4A-3 femte ledd. Paragrafen er omtalt i punkt 43.12 i Prop. 57 L (2022–2023).
Med realkompetanse siktar ein til både den formelle, den ikkje-formelle og den uformelle kompetansen vedkommande har. Formålet med realkompetansevurdering er å avgjere kva slags kompetanse den vaksne har, og kva slags opplæring den vaksne skal ha, ikkje om den vaksne har rett til førebuande opplæring eller vidaregåande opplæring. Korleis realkompetansevurderinga skal gjennomførast, kan avhenge av både nivå og om formålet er sluttvurdering eller innplassering. For innplassering i førebuande opplæring kan realkompetansevurderinga vere ein type kartlegging eller testing for å finne ut kva kompetanse søkjaren har i dei ulike faga eller ferdigheitene, og ikkje nødvendigvis ei fullstendig realkompetansevurdering slik som når vurderinga skal danne grunnlag for dokumentasjon på sluttkompetanse. Det er fastsett nærare reglar om realkompetansevurdering i forskrift, og Utdanningsdirektoratet har utarbeidd nasjonale retningslinjer for realkompetansevurdering. Retten til realkompetansevurdering må sjåast i samanheng med at opplæringa til vaksne skal byggje på kompetansen til deltakaren, jf. § 18-1 første ledd.
Det er kommunen og fylkeskommunen som har ansvaret for å oppfylle retten til realkompetansevurdering på høvesvis førebuande og vidaregåande opplærings nivå. Plikten til å tilby realkompetansevurdering og dokumentasjon på slik vurdering er ein del av ansvaret til kommunen og fylkeskommunen etter §§ 28-1 og 28-2.