Opplæringslova
§ 19-1 Innhald, vurdering og dokumentasjon i opplæringa for vaksne
Opplæringa skal vere i samsvar med måla og prinsippa for opplæringa, jf. § 18-1, jf. § 1-4 første ledd og andre ledd i denne paragrafen. Opplæringa skal byggje på kompetansen til den vaksne deltakaren.
Departementet kan gi forskrift om læreplanar i fag for førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne.
Vaksne deltakarar har rett til individuell vurdering og dokumentasjon av opplæringa. Departementet gir forskrift om individuell vurdering, om klage på vurdering og om dokumentasjon.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører delar av dagens lov § 4A-1 første ledd tredje punktum, § 4A-3 første ledd tredje punktum og § 4A-6 med enkelte endringar. Paragrafen er omtalt i punkt 43.13 og 43.14 i Prop. 57 L (2022–2023).
Kravet i første ledd første punktum inneber at dei overordna måla og prinsippa for opplæringa gjeld så langt dei passar for opplæringa for vaksne, jf. § 18-1. Vidare skal opplæringa vere i samsvar med læreplanar for fag etter andre ledd.
Kravet i første ledd andre punktum inneber at opplæringa skal byggje vidare på og komplettere realkompetansen til den vaksne deltakaren. Realkompetansevurderinga etter § 18-8 vil danne grunnlaget for vurderinga av kva slags opplæring den vaksne skal ha. Dette gjeld også for dei som blir tekne inn til opplæring for vaksne utan å ha rett til slik opplæring, og som dermed ikkje oppfyller vilkåra for rett til realkompetansevurdering etter § 18-8. Dersom ein som ikkje har rett til realkompetansevurdering, blir teken inn til opplæring for vaksne, vil vedkommande dermed få rett til realkompetansevurdering. Sjå likevel dagens forskrift til opplæringslova § 6-48 om at den enkelte kan påleggjast å betale for realkompetansevurderinga.
At opplæringa skal byggje på kompetansen til deltakaren, inneber ikkje at kommunane og fylkeskommunane må lage eit eige, skreddarsydd opplæringsløp for kvar enkelt deltakar. Dei opplæringsløpa som kommunane og fylkeskommunane etablerer, må likevel leggje til rette for at deltakaren berre må ta opplæring i dei faga eller dei delane av faga deltakaren treng.
Andre ledd gir heimel for å fastsetje eigne læreplanar for førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne. For førebuande opplæring for vaksne vil det bli fastsett eigne, modulstrukturerte læreplanar. For vidaregåande opplæring for vaksne vil det bli fastsett eigne, modulstrukturerte læreplanar i enkelte lærefag, mens det for øvrig vil vere dei same læreplanane som etter § 1-4. Heimelen for eigne læreplanar for opplæringa for vaksne er ikkje til hinder for at det blir behalde felles læreplan for barn, unge og vaksne, til dømes i enkelte fag. Læreplanane for fag gjeld for den opplæringa den vaksne faktisk skal ha. Dersom ein deltakar på grunn av vurdering av realkompetanse eller ut frå eige ønske berre skal ha opplæring i delar av eit fag, er det berre den aktuelle delen av læreplanen som skal leggjast til grunn for opplæringa.
Tredje ledd gir vaksne deltakarar rett til individuell vurdering og dokumentasjon av opplæringa. Med individuell vurdering er det meint undervegsvurdering og sluttvurdering. Dokumentasjon av opplæringa er vitnemål og kompetansebevis. Departementet fastset nærare reglar om individuell vurdering og dokumentasjon i forskrift med heimel i tredje ledd andre punktum.