Opplæringslova
§ 19-2 Organisering av opplæringa for vaksne
Den førebuande og den vidaregåande opplæringa for vaksne skal organiserast som eit særskilt tilbod for vaksne.
Opplæringstilbodet skal tilpassast livssituasjonen til deltakarane. Opplæringa kan givast som fjernundervisning.
Kommunen og fylkeskommunen kan bruke andre rettssubjekt, til dømes studieforbund, til å gi opplæring til vaksne. Kommunen og fylkeskommunen kan likevel ikkje delegere til andre rettssubjekt å dokumentere opplæringa etter § 19-1.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører delar av dagens lov § 4A-1 første ledd tredje punktum og § 4A-3 første ledd tredje punktum. Paragrafen er omtalt i punkt 43.22 i Prop. 57 L (2022–2023).
Med ordlyden «eit særskilt tilbod for vaksne» i første ledd er det meint eit eige opplæringstilbod for vaksne, i motsetning til at opplæringa blir organisert felles med opplæringa for barn og unge. Sjå likevel merknaden til § 18-6 om at opplæringstilbod til dei som ikkje får tilbod om læreplass, ikkje treng å vere særskilt organisert for vaksne.
Kravet i andre ledd første punktum er at opplæringa skal «tilpassast livssituasjonen» til deltakarane. Døme på tilpassingar er komprimert opplæringstid, kveldsundervisning og fjernundervisning. At opplæringa skal tilpassast livssituasjonen til deltakarane, inneber ikkje at kommunane og fylkeskommunane må lage eit eige skreddarsydd opplæringstilbod for kvar enkelt deltakar. Dei tilboda som kommunane og fylkeskommunane etablerer, må likevel leggje til rette for at deltakarar med ulike livssituasjonar kan nytte seg av tilbodet. Andre ledd andre punktum slår fast at opplæringa kan givast som fjernundervisning.
Tredje ledd første punktum slår fast at kommunane og fylkeskommunane kan bruke andre rettssubjekt til å gi vaksne eit opplæringstilbod, typisk private selskap. Til dømes kan det vere aktuelt å bruke studieforbund. Kommunane og fylkeskommunane vil framleis ha ansvaret for at deltakarane får opplæring i samsvar med lova, sjølv om dei nyttar andre rettssubjekt til å gi opplæringa. Tredje ledd andre punktum inneber eit delegeringsforbod når det gjeld å dokumentere opplæringa som den vaksne har fått, til dømes utferde kompetansebevis eller vitnemål. Andre avgjerder kan delegerast, jf. kommunelova § 5-4.