Opplæringslova
§ 19-3 Bokmål og nynorsk i opplæringa for vaksne
Deltakarar i opplæringa for vaksne vel sjølve om dei skal bruke bokmål eller nynorsk som hovudmål i det skriftlege arbeidet.
Forarbeid til loven
Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 43.18 i Prop. 57 L (2022–2023).
Sjå merknaden til § 6-1 andre ledd. I motsetning til elevar i vidaregåande opplæring har ikkje deltakarar i opplæring for vaksne rett til å velje om læremidla skal vere på bokmål eller nynorsk. Dette har samanheng med at parallellitetskravet i § 15-3 tredje ledd heller ikkje gjeld førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne.