Opplæringslova
§ 19-7 Alternativ supplerande kommunikasjon (ASK) i opplæringa for vaksne
Deltakarar i opplæringa for vaksne som heilt eller delvis manglar funksjonell tale og treng alternativ og supplerande kommunikasjon, skal få bruke eigna kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel i opplæringa.
Deltakarane har også rett til den opplæringa dei treng for å kunne bruke alternativ og supplerande kommunikasjon. Denne opplæringa kan vere ein del av den individuelle tilrettelegginga av opplæringa etter §§ 19-5 og 19-6.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører dagens lov § 4A-13. Paragrafen er omtalt i punkt 43.17 i Prop. 57 L (2022–2023).
Paragrafen inneber at § 11-12 også gjeld for vaksne deltakarar i førebuande og vidaregåande opplæring. Sjå merknaden til § 11-12. Paragrafen utvidar ikkje retten til individuell tilrettelegging. Deltakarane har dermed berre rett til opplæring i bruk av alternativ supplerande kommunikasjon innanfor retten til tilrettelagd opplæring i §§ 19-5 og 19-6.