Opplæringslova
§ 19-9 Opplæring i og på norsk teiknspråk for vaksne deltakarar
Deltakarar med høyrselshemming i den førebuande og vidaregåande opplæringa for vaksne har rett til opplæring i norsk teiknspråk. Deltakarane har rett til opplæring ved bruk av teiknspråktolk eller opplæring på norsk teiknspråk.
Forarbeid til loven
Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 43.21 i Prop. 57 L (2022–2023).
Paragrafen gjeld deltakarar i den førebuande og den vidaregåande opplæringa for vaksne.
Første punktum gir deltakarar med høyrselshemming rett til opplæring i norsk teiknspråk. Sjå merknadene til tilsvarande reglar for barn og unge i § 3-4 første ledd første punktum og § 6-3 første ledd første punktum når det gjeld vilkåret om høyrselshemming. Vaksne deltakarar har ikkje rett til eit visst antal timar med opplæring i norsk teiknspråk.
Andre punktum gir deltakarar med høyrselshemming rett til opplæring på norsk teiknspråk eller opplæring ved hjelp av teiknspråktolk. Deltakarane har berre rett til å få opplæring på teiknspråk, altså opplæring gitt av ein teiknspråkleg lærar, dersom det finst slike tilbod som den vaksne blir teken inn på. Elles vil den vaksne ha rett til å få opplæring ved bruk av tolk.
Kommunane og fylkeskommunane avgjer kvar opplæringa etter første og andre punktum skal skje, og korleis ho skal organiserast, jf. § 19-2.