Opplæringslova
§ 20-1 Rett til medverknad for vaksne deltakarar
Deltakarar i den førebuande og den vidaregåande opplæringa for vaksne har rett til medverknad i alt som gjeld dei sjølve etter denne lova, og har rett til å ytre meiningane sine fritt. Deltakarane skal bli høyrde, og det skal leggjast vekt på meiningane deira.
Forarbeid til loven
Paragrafen er delvis ny, og vidarefører delvis dagens lov § 4A-4 fjerde ledd. Paragrafen er omtalt i punkt 43.25 i Prop. 57 L (2022–2023).
Retten til å uttale seg og bli høyrt gjeld både i saker om opplæringa, saker om læringsmiljøet og andre saker som gjeld opplæringssituasjonen til deltakaren. For deltakarar i førebuande opplæring for vaksne som er under 18 år, gjeld også Grunnlova § 104 og barnekonvensjonen artikkel 12. Sjå elles merknaden til tilsvarande regel for barn og unge i § 10-2.