Opplæringslova
§ 20-2 Krav til læringsmiljøet i opplæringa for vaksne
Kommunen og fylkeskommunen skal arbeide kontinuerleg for at alle deltakarane skal ha eit trygt og godt læringsmiljø.
Deltakarar i opplæringa for vaksne skal ikkje utsetjast for krenkjande oppførsel. Alle som arbeider i den førebuande opplæringa og den vidaregåande opplæringa for vaksne, skal om mogleg gripe inn dersom ein deltakar blir utsett for krenking.
Forarbeid til loven
Paragrafen er delvis ny og vidarefører delvis dagens lov § 4A-4 fjerde ledd. Paragrafen er omtalt i punkt 43.24 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd er tilnærma likt kravet om førebyggjande arbeid med skolemiljøet for barn og unge i § 12-3 andre ledd. Deltakarar i opplæringa for vaksne har ikkje same individuelle rett til trygt og godt skolemiljø som barn og unge. Målet for det førebyggjande arbeidet i opplæringa for vaksne er å unngå tilfelle der ein deltakar ikkje har eit trygt og godt læringsmiljø. Paragrafen er elles lik som § 12-3 andre ledd. Sjå merknaden til § 12-3 andre ledd.
For at deltakarane skal få eit trygt og godt læringsmiljø må det leggjast til rette for at deltakarane kan ha kontakt og kommunikasjon med kvarandre. Det er opp til kommunane og fylkeskommunane å finne fram til måtar å oppnå dette på og det er ikkje eit krav om inndeling i grupper.
Uttrykket «krenkjande oppførsel» i andre ledd første punktum skal forståast likt som i § 12-3 første ledd. Sjå merknaden til § 12-3 første ledd. Kva som vil vere ei krenking, må vurderast konkret. At deltakarane er vaksne, vil ha noko å seie i denne vurderinga.
At dei som arbeider i førebuande opplæring, skal «gripe inn», jf. andre ledd andre punktum, omfattar både å stoppe ei krenking som er i gang, og å setje i verk nødvendig tiltak for å rette opp skaden som har skjedd, og førebyggje nye krenkingar. Plikta til å gripe inn er avgrensa til tilfelle der dette er mogleg. Den tilsette skal ikkje måtte setje seg sjølv eller andre i fare for skade. Grensa for plikta til å gripe inn er at den tilsette ikkje må krenkje deltakarane for å få stanse situasjonen, og at det ikkje føreset ei handling som er straffbar. Nødrett og nødverje kan likevel unntaksvis gi grunnlag for å overskride også denne grensa ved at det i nødverje- og nødrettssituasjonar kan vere lov å gjere noko som elles er ulovleg.