Opplæringslova
§ 20-3 Ordensreglar for opplæringa for vaksne
Kommunen og fylkeskommunen kan gi forskrift om lokale reglar for opplæringa for vaksne, mellom anna om orden og oppførsel (ordensreglar).
Kommunen og fylkeskommunen kan i slike ordensreglar angi kva tiltak som kan brukast når deltakarar bryt ordensreglane, og korleis slike saker skal behandlast.
Forarbeid til loven
Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 43.23 i Prop. 57 L (2022–2023).
Etter første ledd kan kommunane og fylkeskommunane fastsetje reglar for opplæringsstadene. Kommunane og fylkeskommunane kan vedta reglar som er felles for alle opplæringsstadene, reglar som berre gjeld for eit enkelt opplæringsstad, eller nokre felles reglar og nokre reglar for kvar opplæringsstad. Det er opp til kommunane og fylkeskommunane om myndet til å ta avgjerder om lokale reglar blir delegert, og korleis dei tek deltakarane med på avgjerdene. Sjå likevel § 20-1 om retten deltakarane har til medverknad.
Kjerneområdet for reglane er på opplæringsstadene i undervisningstida. Reglane vil også gjelder for oppførsel som skjer utanfor undervisningsstaden, dersom han har nær tilknyting til undervisningsstaden eller -situasjonen. Dei lokale reglane vil ha tilsvarande verkeområde som skolereglane for barn og unge. Sjå merknaden til § 10-7.
Ordensreglane er meint å svare til skolereglar for barn og unge, jf. § 10-7. Ordensreglane skal supplere nasjonale reglar og handle om orden og oppførsel på opplæringsstaden og kva tiltak den vaksne kan møtast med ved brot på slike reglar. Det er i utgangspunktet ikkje nødvendig å gjenta lovkravet om deltaking (§ 18-11) eller andre krav i eller i medhald av lova i ordensreglane. Dersom brot på krav i eller i medhald av lova skal medføre reaksjonar, så må dette likevel stå i dei lokale ordensreglane. Kommunen og fylkeskommunen kan gi utfyllande reglar til lovkravet om deltaking, som til dømes reglar om oppmøte, forseintkomming og liknande. Det kan også fastsetjast reglar om kva som gir grunnlag for permisjon jf. § 18-11 andre ledd.
Dei lokale reglane kan ikkje avgrense rettane til deltakarane etter lova eller nasjonale forskrifter i medhald av lova. Reglane må vedtakast i form av ei forskrift, jf. forvaltningslova § 2.
Andre ledd inneber at alle «tiltak», det vil seie reaksjonar, som skal kunne brukast mot vaksne deltakarar som bryt reglane, må fastsetjast i dei lokale reglane. Det må likevel avgrensast mot mindre inngripande tiltak. Sjå merknaden til § 10-7 andre ledd. Dersom vaksne deltakarar skal kunne visast bort, må dette komme fram av dei lokale reglane. Sjå om bortvising i merknaden til § 20-4.
Kommunen og fylkeskommunane vel sjølve om dei vil fastsetje forskrift. Desse avgjerdene byggjer på eit forvaltningsskjønn som tilsynsmakta og domstolane ikkje kan overprøve.