Opplæringslova
§ 21-1 Skyss til og frå opplæringsstaden for deltakarar i opplæringa for vaksne
Deltakarar i den førebuande opplæringa for vaksne har rett til gratis skyss dersom dei bur meir enn fire kilometer frå opplæringsstaden.
Deltakarar i den førebuande opplæringa for vaksne som treng skyss på grunn av nedsett funksjonsevne, skade eller sjukdom, har rett til gratis skyss til og frå opplæringsstaden.
Deltakarar i den vidaregåande opplæringa for vaksne har rett til skyss etter reglane i § 9-1 ut det skoleåret som tar til det året dei fyller 24 år.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører dagens lov § 4A-7 første ledd og delar av andre ledd når det gjeld deltakarar i førebuande opplæring. Reglane er nye når det gjeld deltakarar mellom 19 og 24 år i vidaregåande opplæring for vaksne. Paragrafen er omtalt i punkt 43.28 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd regulerer retten til skyss for deltakarar i førebuande opplæring for vaksne på grunn av lang veg til opplæringsstaden. Sjå om oppmåling av avstand i merknaden til § 4-1.
For å få rett til skyss etter andre ledd er det ikkje tilstrekkeleg at deltakaren har nedsett funksjonsevne, skade eller sjukdom. I tillegg er det eit vilkår for retten til skyss at funksjonsnedsetjinga, skaden eller sjukdommen forårsakar at deltakaren har behov for skyss. Rettane etter andre ledd gjeld deltakarar som treng skyss på grunn av fysisk eller psykisk funksjonsnedsetjing.
Tredje ledd slår fast at deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne har rett til skyss etter reglane i § 9-1 ut det skoleåret som byrjar det året dei fyller 24 år. Det vil seie at dei som har rett til vidaregåande opplæring for ungdom etter § 5-1, men som vel å ta opplæring for vaksne etter § 18-3, har rett til skyss på lik linje som dei som tek vidaregåande opplæring for ungdom. Sjå elles merknaden til § 9-1.
Ansvaret for å oppfylle retten til skyss går fram av § 28-7.