Opplæringslova
§ 21-3 Avgrensing av rett til skyss og rett til losji i den førebuande opplæringa for vaksne
Retten til skyss etter § 21-1 gjeld ikkje dersom dagleg skyss ikkje er forsvarleg.
Når fylkeskommunen skal vurdere om dagleg skyss er forsvarleg, skal det særleg leggjast vekt på alderen og funksjonsevna til deltakaren og kor lang og farleg skolevegen er. Det kan berre leggjast vekt på kostnader eller vanskar for fylkeskommunen dersom dei er ekstraordinære.
Deltakarar i den førebuande opplæringa for vaksne som ikkje har rett til skyss fordi dagleg skyss ikkje er forsvarleg, har rett til losji.
Kommunen skal ha tilsyn med innlosjerte vaksne deltakarar om det trengst.