Opplæringslova
§ 10-1 Det beste for eleven
Ved handlingar og avgjerder som vedkjem elevar, skal kva som er best for eleven, vere eit grunnleggjande omsyn.
Forarbeid til loven
Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 10 i Prop. 57 L (2022–2023).
Paragrafen regulerer prinsippet om det beste for barnet og erstattar tidlegare reguleringar i dagens opplæringslov §§ 2-8 femte ledd, 3-12 femte ledd, 9 A-4 femte ledd og 9 A-6 tredje ledd.
Paragrafen må sjåast i samanheng med og tolkast i samsvar med Grunnlova § 104 andre ledd og barnekonvensjonen artikkel 3 nr. 1 om det beste for barnet. Etter desse reglane gjeld prinsippet om det beste for barnet for alle barn og unge opptil 18 år. Når paragrafen viser til «elevar», omfattar det også dei over 18 år så lenge dei er elevar. I samsvar med § 5-1 andre ledd kan ein person berre vere elev ut det skoleåret som tek til det året ein fyller 24 år.
Regelen gjeld ikkje for dei som har læretid i bedrift, eller vaksne deltakarar. Prinsippet om det beste for barnet vil likevel, i kraft av Grunnlova og barnekonvensjonen, gjelde for dei som har læretid i bedrift, og for deltakarar i grunnopplæringa for vaksne, når dei er under 18 år.
Paragrafen gjeld for alle som tek avgjerder eller gjer andre handlingar som vedkjem elevar. Vurderinga av kva som er det beste for eleven skal vere sentral i alle handlingar og avgjerder som vedkjem elevar, ikkje berre i saker som blir avgjorde gjennom enkeltvedtak. Dette inneber at det ved førebuinga av alle avgjerder og tiltak må vurderast om saka kan vedkomme ein eller fleire elevar. Dersom svaret på dette er ja, må ein sørgje for å skaffe seg kunnskap om kva som vil vere til det beste for eleven eller elevane. Medverknaden til elevane, jf. § 10-2, vil vere sentral i vurderinga av kva som er det beste for elevane.
I vurderinga av kva som er til det beste for eleven skal ein ta utgangspunkt i behovet og føresetnadene til den enkelte eleven. Det vil variere om det i vurderinga av det beste for eleven skal rettast merksemd mot ein enkeltelev, fleire elevar eller heile grupper eller klassar. Om det er éin eller fleire elevar, vil mellom anna avhenge av kven som er avgjerdstakar, og kva avgjerda går ut på.
Kva som vil vere til det beste for den enkelte eleven, kjem an på ei individuell og konkret vurdering. Relevante moment i vurderinga er mellom anna eleven sine eigne meiningar, identiteten til eleven, sårbarheitssituasjonen til eleven, helsa til eleven, retten eleven har til vern, omsorg og tryggleik, og retten eleven har til utdanning, jf. barnekomiteens Generell kommentar nr. 14 (2013) Om barnets retttilat hans eller hennes beste skal være et grunnleggende omsyn avsnitt 52 flg.
I tråd med forståinga av barnekonvensjonen tilseier «grunnleggjande omsyn» at det beste for eleven ikkje er det einaste og heller ikkje alltid det avgjerande omsynet. Samtidig viser «grunnleggjande» til at omsynet til det beste for eleven ikkje berre er eitt av fleire moment i ei heilskapsvurdering, men eit omsyn som skal ha stor vekt. Det skal mykje til for at andre omsyn kan gå føre det beste for eleven. Dersom det er andre omsyn som speler inn, må det beste for eleven vegast opp imot desse. Omsynet til det beste for ein enkelt elev kan komme i konflikt med andre omsyn, til dømes omsynet til andre elevar eller klassemiljøet. Slike konfliktar må løysast konkret frå sak til sak, medan ein balanserer dei ulike interessene til elevane og prøver å finne eit kompromiss, jf. barnekomiteens Generell kommentar nr. 14 (2013) Om barnets retttil athans eller hennes beste skal være et grunnleggende hensyn avsnitt 37-39.
I saker som blir avgjorde gjennom enkeltvedtak, skal vedtaket vise korleis omsynet til det beste for eleven har vorte vurdert. Vurderinga av det beste for eleven i den konkrete saka må vere omtalt i grunngivinga til vedtaket og vere tilstrekkeleg konkret og individuell.