Opplæringslova
§ 10-2 Elevane sin rett til medverknad
Elevane har rett til medverknad i alt som gjeld dei sjølve etter denne lova, og har rett til å ytre meiningane sine fritt. Elevane skal bli høyrde, og det skal leggjast vekt på meiningane deira etter alder og modning.
Forarbeid til loven
Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 21 i Prop. 57 L (2022–2023).
Paragrafen følgjer opp Grunnlova § 100 om ytringsfridom og § 104 om retten barnet har til medverknad, og må tolkast i lys av reglar i Grunnlova og barn sin rett til å bli høyrde etter barnekonvensjonen artikkel 12. Paragrafen gjeld elevar under og over 18 år, noko som inneber ei utviding samanlikna med kva som følgjer av anna regelverk.
Paragrafen gjeld ikkje for dei som har læretid i bedrift. Prinsippet om retten barnet har til å bli høyrd, vil likevel, i kraft av Grunnlova og barnekonvensjonen, gjelde for dei som har læretid i bedrift når dei er under 18 år. For dei som har læretid i bedrift, gjeld reglane i arbeidsmiljølova om retten og plikta arbeidstakarar har til medverknad.
For vaksne deltakarar gjeld eigne reglar om medverknad, sjå § 20-1.
Første punktum gir kvar elev ein sjølvstendig og vilkårslaus rett, men ikkje ei plikt, til å medverke i alle avgjerder som gjeld eleven sjølv. Det er ikkje nødvendig å hente inn eit samtykke frå foreldra for å snakke med eleven. Retten eleven har til medverknad, gjeld uavhengig av foreldra. Kvar elev skal ha rett til å uttale seg fritt. Det er ein føresetnad for å kunne ytre seg fritt at eleven får informasjon om situasjonen eller saka, kva avgjerder som skal takast, og kva konsekvensar desse avgjerdene kan få for eleven, jf. § 10-8 om informasjonsplikt. Dersom det finst fleire alternative løysingar, skal eleven få informasjon om dette. Informasjonen må vere forståeleg og tilpassa dei individuelle føresetnadene til eleven, til dømes alder, modnad, erfaring og kultur- og språkbakgrunn. For at eleven skal kunne uttale seg fritt, må skolen leggje til rette for at situasjonen kjennest trygg for eleven, og ikkje utsetje eleven for påverknad eller press. Det er også ein føresetnad at elevane får den tilrettelegginga dei treng for å kunne gi uttrykk for sitt syn.
Retten til medverknad dekkjer alt som gjeld ein eller fleire elevar etter opplæringslova og i heile avgjerdsprosessen. Medverknaden skal også vareta den religiøse, kulturelle og språklege bakgrunnen til elevane. Dette inkluderer språket og kulturen til samiske elevar.
Det følgjer av andre punktum at det ikkje er tilstrekkeleg å la eleven ytre seg. Realisering av retten krev at det blir lagt vekt på meiningane til eleven etter alder og modnad.
Det er primært skolen som må vareta retten elevane har til medverknad, men også andre delar av kommunen har eit ansvar, til dømes den pedagogisk-psykologiske tenesta (PP-tenesta). Det er ikkje tilstrekkeleg at skolen, PP-tenesta osv. får informasjon om ein elev frå andre, til dømes foreldra. Dersom til dømes skolen primært byggjer informasjonen sin om ein elev på opplysningar frå andre, og ikkje snakkar direkte med eleven, inneber det eit brot på retten eleven har til medverknad, og kravet om forsvarleg saksbehandling.
Skolen skal også ta omsyn til at elevar har rett til privatliv etter barnekonvensjonen artikkel 16 når skolen skal vareta retten eleven har til å medverke. Dersom skolen vil dele opplysningar dei har fått frå eleven, med foreldra eller andre, må skolen informere eleven om dette. Eleven skal få uttale seg om opplysningane skal delast, kva informasjon skolen bør gi, og korleis skolen bør gi denne informasjonen.