Opplæringslova
§ 10-3 Samarbeid med foreldra
Skolen skal samarbeide med foreldra om opplæringa til eleven.
Departementet kan gi forskrift om samarbeidet mellom skolen og foreldra.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører i hovudsak dagens lov § 13-3 d og er omtalt i punkt 20 i Prop. 57 L (2022–2023).
Plikta i første ledd gjeld både for grunnskolar og vidaregåande skolar, men ikkje når ungdom har læretid i bedrift.
På opplæringsfeltet kan elevane på ein del område bestemme sjølve frå dei er 15 år, sjå forslaget § 24-5. Samarbeidsplikta må sjåast i samanheng med desse reglane og med omsorgsplikta for foreldre til barn under 18 år, jf. barnelova §§ 30 til 33. Plikta skolen har til å samarbeide med foreldra, gjeld med mindre han kjem i konflikt med reglane om sjølvråderetten til eleven.
Ordet «foreldra» omfattar både foreldre og føresette, det vil seie dei som varetek foreldreansvaret i staden til foreldra. Samarbeidsplikta til skolen gjeld anten eleven bur saman med foreldra sine eller til dømes på institusjon eller hos fosterforeldre. I samband med foreldresamarbeidet må skolen ta omsyn til dei reglane som gjeld for varetaking av partsrettane barnet har etter opplæringslova og etter andre lovverk, som barnelova og barnevernlova.
Plikta skolen har overfor foreldra, fell bort når eleven blir myndig. Skolen bør likevel leggje til rette for samarbeid med foreldra også når eleven har fylt 18 år, dersom eleven ønskjer det. Skolen skal også samarbeide med foreldra dersom eleven er over 18 år, men framleis står under verjemål og er avhengig av bistanden til foreldra.
Nemninga «opplæringa» skal forståast vidt. Dette inneber at skolen har plikt til å samarbeide med foreldra om både den faglege og sosiale utviklinga til eleven. Samarbeidet skal også omfatte andre sider av opplæringa, som til dømes samarbeid ved skolestart, fråværet til eleven, anna utvikling hos eleven og overgangar mellom trinn og mellom skolar. Retten foreldra har til medverknad, er også regulert andre stader i opplæringslova, til dømes når eleven har rett til individuelt tilrettelagd opplæring, jf. § 11-7 siste ledd.
«Skolen» er brukt som pliktsubjekt i denne regelen fordi oppfyllinga naturleg skjer på skolenivå. Skolen er ikkje eit eige rettssubjekt, og det er kommunane og fylkeskommunane som har ansvaret for at skolane oppfyller plikta, jf. § 28-1 første ledd og § 28-2 første ledd.
Det er skolen, som den profesjonelle parten, som har ei plikt etter lova til å samarbeide, ikkje foreldra. Skolen bør leggje til rette for at alle foreldre kan delta i samarbeidet, uavhengig av språkkunnskapar, bakgrunn og føresetnader. Dersom samarbeidet skal fungere, er det likevel ein føresetnad at foreldra deltek aktivt.
Skolen har eit ansvar for å gi tilpassa informasjon til foreldra om kva samarbeidet inneber, og kva dei forventar av foreldra, slik at foreldra veit korleis dei kan hjelpe barna sine, og kva dei kan forvente av skolen. I samarbeidet med foreldra må skolen ta ansvar for at det beste for eleven blir vurdert, og for at det er mogleg for eleven å medverke og bli høyrd, slik at rettane og tilliten eleven har til skolen, blir varetekne. Skolen skal også ta omsyn til at elevar har rett på privatliv, jf. barnekonvensjonen artikkel 16. Skolen må derfor informere eleven om at dei vil dele opplysningar dei har fått frå eleven, med foreldra. Eleven skal få uttale seg om opplysningane skal delast med foreldra, kva informasjon foreldre skal få, og korleis skolen bør gi denne informasjonen. Plikta må sjåast i samanheng med den generelle informasjonsplikta i § 10-8. Informasjonsplikta skal sikre at elevane og foreldra får den informasjonen dei har bruk for, mellom anna om opplæringa, skolemiljøet og skolereglane og om rettane og pliktene elevane elles har.
Det kan vere behov for tolk ved kommunikasjon mellom skolen og foreldra til eleven, og skolen må vurdere når det er nødvendig med tolk. Sjå nærare om krav offentlege organ har til bruk av tolk, i punkt 20.5.3 og tolkelova § 6.
Samarbeid med heimen er også tema i § 1-3 første ledd. Denne regelen gjeld heile grunnopplæringa, altså også for dei som har læretid i bedrift, og for vaksne deltakarar dersom desse er under myndig alder.
Andre ledd gir departementet heimel til å fastsetje utfyllande reglar i forskrift om samarbeidet mellom skolen og foreldra. Heimelen er ei vidareføring av dagens regel.