Opplæringslova
§ 10-4 Skoledemokratiet
Skolen skal sørgje for at elevane og foreldra får vere med på å planleggje, gjennomføre og vurdere verksemda til skolen, mellom anna arbeidet med skolemiljøet, kvalitetsutvikling i opplæringa og fastsetjinga av skolereglar. Elevane skal ikkje delta i behandlinga av saker som er omfatta av lovfesta teieplikt.
Skolen skal leggje til rette for at alle elevane skal kunne ytre seg, og oppmuntre dei til å delta i skoledemokratiet. Skolen skal også hjelpe elevane i arbeidet med skoledemokratiet.
Forarbeid til loven
Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 22.
Første ledd slår fast at både elevane og foreldra skal involverast i planlegginga, gjennomføringa og vurderinga av skoleverksemda. Dette inneber at dei skal få delta og medverke og dermed få moglegheita til å påverke utviklinga av skolen. Elevane og foreldra skal få medverke i arbeidet med skolemiljøet, kvalitetsutvikling av opplæringa og fastsetjinga av skolereglar, og kommunane og fylkeskommunane må sørgje for at skolen også involverer elevane og foreldra i andre delar av skoleverksemda som er viktige for dei, som til dømes organiseringa av skoledemokratiet.
Det er ein føresetnad for at elevane skal kunne delta i arbeidet at deltakinga blir tilpassa alderen på elevane. Kravet om at elevane og foreldra skal få delta i planlegginga, gjennomføringa og vurderinga av skoleverksemda, omfattar ikkje foreldra til myndige elevar.
Krava i andre ledd om å «leggje til rette for» og «oppmuntre» inneber at skolen må vere aktiv. Kravet om at skolen skal «hjelpe elevane i arbeidet med skoledemokratiet» betyr at skolen må rettleie elevane om korleis dei kan drive elevdemokrati, og støtte dei i arbeidet undervegs.
Med «alle elevane» meiner ein at det ikkje er tilstrekkeleg at skolen legg til rette for at råd og utval ytrar seg og deltek i skoledemokratiet. Skolen må også jobbe aktivt for å skape eit trygt miljø der alle elevane kan ytre seg og delta i skoledemokratiet på ulike måtar, og ikkje berre gjennom elevrepresentantane i brukarorgana. Det må leggjast til rette for at alle elevane får moglegheit til å delta, uavhengig av alder, kjønn, etnisitet, funksjonsnivå eller sosial bakgrunn.
«Skolen» er pliktsubjekt i paragrafen fordi oppfyllinga naturleg skjer på skolenivå. Skolen er ikkje eit eige rettssubjekt, og det er kommunane og fylkeskommunane som har ansvaret for oppfyllinga, jf. §§ 28-1 første ledd og 28-2 første ledd.