Opplæringslova
§ 10-5 Organiseringa av skoledemokratiet
Kvar grunnskole og vidaregåande skole skal ha eit elevråd som er valt av elevane ved skolen. Elevane kan velje å organisere seg på ein annan måte. Kvar grunnskole skal ha eit arbeidsutval som er valt av foreldra på skolen. Foreldra kan velje å organisere seg på andre måtar. Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at det blir fastsett kva for andre brukarorgan skolane skal ha.
Elevane og foreldra skal vere representerte i organ ved grunnskolar, og elevane skal vere representerte i organ ved vidaregåande skolar. Representantar for elevane i den vidaregåande opplæringa har møte- og talerett i fylkeskommunale nemnder på same måten som dei tilsette har etter kommuneloven § 13-4.
Forarbeid til loven
Paragrafen er ny og erstattar store delar av kapittel 11 i dagens lov. Paragrafen er omtalt i punkt 22 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd handlar om kva organ for brukarmedverknad kommunen og fylkeskommunen skal ha ved skolane sine. Etter første ledd første punktum skal det som hovudregel vere eit elevråd ved kvar skole. Det blir samtidig opna for at elevane kan velje å organisere seg på ein annan måte, jf. første ledd andre punktum. Kravet om elevråd er ei vidareføring, medan opninga for eit alternativ er nytt. Dersom elevane ønskjer ei anna organisering enn elevråd, må det takast stilling til organiseringa kvart skoleår. Dette har samanheng med at elevmassen endrar seg for kvart år. Korleis elevane ønskjer å organisere seg, kan derfor vere ei naturleg diskusjon ved starten av skoleåret. Same korleis elevane vel å organisere elevdemokratiet, ligg det i ansvaret i § 10-4 andre ledd at kommunen og fylkeskommunen må leggje til rette for og støtte opp under elevdemokratiet. Ein måte å støtte elevdemokratiet på kan vere å gi ein av dei tilsette ved skolen ansvaret for å hjelpe elevane med elevrådet eller den alternative organisasjonsforma.
Første ledd tredje punktum er nytt og inneber at kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at det blir fastsett kva for andre brukarorgan skolane skal ha. Det er opp til kommunane og fylkeskommunane om mynde til å ta avgjerder om brukarorgan blir delegert. Regelen gir kommunen og fylkeskommunen fridom til å vurdere kva brukarorgan som fungerer best på eigne skolar. Organiseringa dei vel å ha, må vere eigna til å vareta medverknad etter § 10-4. Elevane og foreldra skal få vere med på å planleggje og vurdere korleis skoledemokratiet skal organiserast, og kva brukarorgan ein bør ha. Dette inneber ikkje at kommunen og fylkeskommunen må sørgje for at det blir fastsett ei ny organisering av skoledemokratiet kvart år.
Andre ledd første punktum handlar om representasjon i brukarorgana ved skolen. Ved grunnskolar skal både elevane og foreldra vere representerte i organ, mens elevane skal vere representerte i organ ved vidaregåande skolar. Dette inneber at kommunen må sørgje for at det i grunnskolar er eit organ der også foreldra er representert. Regelen i andre ledd andre punktum gir elevane møte- og talerett i drøftinga av alle pedagogiske og administrative saker som gjeld interessene til elevane, parallelt med dei rettane dei tilsette har med heimel i § 13-4 i kommunelova.
Skolereglane skal ha reglar om organiseringa av skoledemokratiet, jf. § 10-7 første ledd. Kva for brukarorgan kommunen og fylkeskommunen har ved skolane sine, skal komme fram av skolereglane.
Etter innstilling fra utdannings- og forskningskomiteen Innst. 442 L (2022-2023) ble det tatt inn i første ledd at hver grunnskole skal ha et arbeidsutvalg, men at foreldrene kan organisere seg på andre måter.