Opplæringslova
§ 10-6 Elevane si plikt til å delta og kommunen og fylkeskommunen si oppfølgingsplikt
Elevane skal vere aktivt med i opplæringa og følgje skolereglane. Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at elevar med fråvær frå opplæringa blir følgde opp.
Elevane kan bli pålagde å gjere oppgåver utanom skoletida (lekser). Det må takast omsyn til at elevar har rett til kvile og fritid.
Forarbeid til loven
Paragrafen erstattar delvis dagens lov §§ 2-3 fjerde ledd og 3-4 andre ledd og er omtalt i punkt 13 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd første punktum pålegg elevane ei plikt til å vere aktivt med i opplæringa og følgje skolereglane som er gjevne i medhald av § 10-7. Plikta til å delta aktivt i opplæringen kan til dømes innebere at eleven skal møte punktleg til timane, utføre gjeremål, levere innleveringar, og vere oppmerksam i timane uten å vere på sosiale media eller forstyrre undervisninga. Skolen skal organisere og gjennomføre opplæringa slik at det er mogleg for elevane å delta aktivt.
Regelen er ikkje til hinder for at enkeltelevar på grunn av sjukdom eller funksjonsnedsetjing blir friteken frå enkelte delar av opplæringstilbodet eller får opplæringa i ei anna form.
Reaksjonar som skal kunne brukast som tiltak ved brot på plikta i § 10-6, må fastsetjast i skolereglane. Skolereglar blir fastsette av kommunane og fylkeskommunane med heimel i § 10-7.
Første ledd andre punktum pålegg kommunen og fylkeskommunen ei plikt til å sørgje for at elevar med fråvær frå opplæringa blir følgde opp. Plikta til å følgje opp gjeld alt fråvær og frå første dag ein elev er borte frå opplæringa, og kommunen og fylkeskommunen bør ha gode rutinar og system for registrering av ulike typar fråvær, for avdekking av fråværsmønster, for oppfølging av fråverande elevar og for samarbeid med heimen. Det er oppgåva om å sørgje for at fråværet til elevane blir følgde opp, som gir rammene for kva opplysningar som kan behandlast, og i kva utstrekning. Det følgjer av § 25-1 første ledd at personopplysningar kan behandlast berre så langt det er nødvendig for den konkrete oppgåva eller plikta.
Kommunen og fylkeskommunen avgjer sjølve korleis elevane skal følgjast opp, men korleis elevane blir følgde opp, må sjåast i samanheng med årsaka til fråværet og kor langvarig og hyppig fråværet er. Oppfølginga må vere eigna til å oppfylle formålet med lovfestinga av regelen, som er å arbeide for meir nærvær i skolen og å betre moglegheita til den enkelte elev til å fullføre og bestå grunnskolen og den vidaregåande opplæringa.
Plikta må også sjåast i lys av pliktene kommunen og fylkeskommunen har etter reglane om skolemiljø, sjå punkt 33, og tilpassa undervisning, sjå punkt 24.
For å kunne førebygge ytterlegare fråvær, vil det ofte vere nødvendig å avdekke og følgje opp bakgrunnen for fråværet. Kortare og enkeltståande fråvær vil ofte berre krevje at skolen tar imot informasjon om årsaka til at eleven er borte, til dømes ved å ta imot ei melding frå foreldra til eleven om at eleven er sjuk. I mange tilfelle vil det ikkje vere behov for nærare oppfølging frå skolen, til dømes når årsaka til fråværet er influensa eller andre vanlege helseutfordringar som går over av seg sjølv. I andre tilfelle kan det vere behov for meir oppfølging sjølv om fråværet er kort. Det gjeld særleg dersom fråværet er gjentakande. Hyppig eller langvarig fråvær vil særleg kunne krevje individuelt tilpassa tiltak for at opplæringsretten og -plikta skal kunne varetakast. Kommunen og fylkeskommunen bør vere særleg merksame på elevar som ikkje møter til første skoledag etter sommarferien, og ha rutinar for dette.
Oppfølgingsplikta til kommunen må sjåast i lys av opplæringsplikta, jf. § 2-2. Oppfølgingsplikta til fylkeskommunen må sjåast i samanheng med forskriftsreglar om fråvær gitt i medhald av § 5-4 andre ledd tredje punktum. Fråvær som medfører tap av rett til vurdering, får store konsekvensar for eleven, og skolen må prøve å finne tiltak som kan hjelpe elevane å unngå å hamne i ein slik situasjon.
Andre ledd første punktum gir eit rettsleg grunnlag for at kvar enkelt skole kan gi elevane skoleoppgåver utanfor skoletida, ofte omtalt som lekser. Det er berre skolen som kan påleggje elevane å gjere lekser. Det betyr at andre i administrasjonen frå kommunen eller fylkeskommunen og dei folkevalde organa ikkje kan avgjere om ein skole skal gi lekser, men dei kan bestemme at skolane skal vere leksefrie. Det er inga plikt for skolen til å gi lekser sjølv om paragrafen opnar for at lekser kan givast. Dersom det ligg føre ei avgjerd frå kommunen eller fylkeskommunen om at skolane skal vere leksefrie, vil ikkje skolane kunne bruke lekser som undervisningsform. Val av lekser skal byggje på ei fagleg-pedagogisk vurdering på den enkelte skolen. Vurderinga av om det skal givast lekser eller ikkje, er opp til skolen og er ei skjønnsmessig vurdering (med mindre kommunen har bestemt at skolane skal vere leksefrie). Dette er eit forvaltningsskjønn som tilsynsmakta og domstolane ikkje kan overprøve. Tilsynsmakta og domstolane kan overprøve om opplæringa er i samsvar med læreplanverket, og om retten eleven har til kvile og fritid, er oppfylt, sjå nedanfor. Kommunane og fylkeskommunane kan i skolereglane, jf. § 10-7, fastsetje reglar om bruk av tiltak dersom elevar ikkje gjer lekser som skolen har pålagt.
Opplæringa skal vere i samsvar med læreplanverket, sjå §§ 2-3 og 5-4, og skolen skal ha aktivitetar som bidreg til at elevane kan nå kompetansemåla. Lekser kan vere ein del av det pedagogiske arbeidet til skolen med opplæring i faga og er ein av fleire moglege arbeidsmåtar i skolen. Lekser som blir gitt, skal inngå i ein pedagogisk samanheng og tilpassast elevane i tråd med tilrådingane som kjem fram frå forsking. Prinsippa om tilfredsstillande utbytte av opplæringa og tilpassa opplæring gjeld også for lekser, jf. §§ 11-1 og 11-2. Kommunane og fylkeskommunane skal sørgje for at opplæringa blir lagd til rette og blir tilpassa evnene og føresetnadene til den enkelte eleven. Medverknad og eit godt samarbeid mellom heimen og skolen er viktig for å tilpasse leksene etter evnene og føresetnadene til elevane.
Det følgjer av andre ledd andre punktum at det skal takast omsyn til retten elevane har til kvile og fritid, når elevane blir pålagde å gjere lekser. Dette kravet må forståast i lys av retten barnet har til kvile og fritid etter barnekonvensjonen artikkel 31. Det er kommunane og fylkeskommunane som er rettsleg ansvarlege og skal sørgje for at skolen tek omsyn til retten elevane har til kvile og fritid. I praksis vil det likevel vere skolen som må sørgje for at elevane får tilstrekkeleg kvile og fritid når lærarane gir lekser, mellom anna ved å sjå på den samla belastinga av heimearbeid til elevane. I og med at lekser verkar inn på fritida til elevane, er det viktig at det blir lagt til rette for medverknad når det blir avgjort kor mykje lekser som kan givast. Lærarane bør samarbeide og planleggje i fellesskap for å unngå at elevane får ei for høg belastning av lekser. Lekser som varetek retten til kvile og fritid for dei fleste elevane i ein klasse, kan likevel gå ut over retten enkelte elevar har til kvile og fritid, og skolen må ta omsyn til dette.