Opplæringslova
§ 10-8 Informasjon til elevane og foreldra
Kommunar og fylkeskommunar skal gi elevar og foreldre den informasjonen dei har bruk for, mellom anna om opplæringa, den enkelte eleven, skolemiljøet og skolereglane, og om dei rettane og pliktene elevane elles har. Kommunar og fylkeskommunar skal også gi elevar og foreldre informasjon om retten til opplæring i og på samisk.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører informasjonsplikta som mellom anna går fram av dagens lov §§ 2-3 a, 9 A-9 og 9 A-10 og dagens forskrift til opplæringslova kapittel 20, og samlar informasjonsplikta i éin paragraf. Paragrafen er omtalt i punkt 19 i Prop. 57 L (2022–2023).
Paragrafen gir skolen ei generell informasjonsplikt. Skolen skal sørgje for at elevar og foreldre får den informasjonen dei treng. I dette ligg det eit krav om ei aktiv og kontinuerleg informering. Det er skolen som i praksis må vareta informasjonsplikta på vegner av kommunen eller fylkeskommunen.
Elevar og foreldre har rett til informasjon og rettleiing om relevante reglar, særleg rettar og pliktar. Informasjonsplikta skal sikre at elevane og foreldra får nok informasjon til å vurdere om rettane til elevane er oppfylte. Skolen skal til dømes informere om rettane som gjeld det psykososiale og fysiske skolemiljøet, om skolereglane, om fritak frå opplæringsplikta, om rutinar og det daglege arbeidet. Det går eksplisitt fram av andre punktum at skolen skal informere om retten til opplæring i og på samisk. Skolen skal også informere om andre språkrettar. Skolen skal også gi all annan informasjon som er nødvendig for å gi god innsikt og grunnlag for aktiv deltaking frå elevane og foreldra si side.
Paragrafen stiller både krav til den generelle informasjonen som blir gitt elevane og foreldra, og til den spesifikke informasjonen som blir gitt til enkeltelevar og foreldre i samband med konkrete saker.
Til dømes skal skolen årleg informere elevar og foreldre om reglane for fritak frå aktivitetar som ut frå eigen religion eller livssyn blir opplevd som støytande eller som utøving av ein annan religion, og om innhaldet i opplæringa og om rettane deira som gjeld skolemiljø. Elevar og foreldre skal varslast snarast mogleg dersom skolen blir kjend med at noko ved skolemiljøet kan vere til skade for helsa til elevane. Elevråd og andre brukarorgan må mellom anna få informasjon om alt som er viktig for skolemiljøet. Ordensreglementet skal også gjerast kjent for elevar og foreldre.
I konkrete saker skal barnet mellom anna informerast om saka/situasjonen, kva informasjon dei vaksne har, og frå kven, kva val og avgjerder som kan/skal takast, kva alternativ som finst i den aktuelle situasjonen, kva konsekvensar desse vala kan få – kva som vil skje etterpå, og kva som skjer/kan skje med det barnet fortel. Skolen skal også leggje til rette for at barnet skal få uttale seg fritt ved å gjere det trygt og respektfullt.
Paragrafen inneber at skolen skal halde løpande kontakt med foreldra gjennom opplæringsåret, og at informasjonen skal givast utan ugrunna opphald.
Det er ikkje fastsett krav til nærare tidspunkt, form eller innhald. Skolane kan til dømes gi informasjonen på foreldremøte, i klassen, på nettstaden til skolen, gjennom læringsplattformer eller på e-post. Det blir føresett at skolane finn ein eigna måte å gjere dette på, som sikrar at formålet med plikta blir oppfylt. Skolane kan ikkje basere seg på at barn vidareformidlar informasjon til foreldra. Dersom informasjon blir send med elevane eller elevane blir bedne om å informere foreldra, må skolen forsikre seg om at informasjonen er gitt foreldra. Informasjonen skal givast til elevane og foreldra.
Det er viktig at informasjonen blir gjort tilgjengeleg for alle som skal få han. Dette inneber mellom anna at informasjon om reglane må givast på ein forståeleg måte, og at skolen må vurdere om det er nødvendig med tolk. Det bør også takast omsyn til at mange barn har delt bustad, og at informasjonen må nå begge heimane. Informasjonen som blir gitt, må vere forståeleg og tilpassa. Dette kan bety å omsetje informasjonen til eit språk foreldra og føresette forstår, og i nokre tilfelle at informasjonen må givast munnleg.