Opplæringslova
§ 10-9 Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG)
Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) er eit sjølvstendig rådgivande organ for departementet i saker om samarbeid mellom skole og heim, og skal vareta foreldra sine interesser i skolesamanheng. Mandatet til FUG omfattar grunnskolen og vidaregåande opplæring trinn 1.
Departementet nemner opp kvart utval for fire år, med leiar, nestleiar og fem andre medlemmer.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører innhaldet i dagens lov § 11-9 og i dagens forskrift § 20-2. Paragrafen er omtalt i punkt 48 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd slår for det første fast at FUG er eit sjølvstendig rådgivande organ for departementet i saker som gjeld samarbeidet mellom skole og heim. FUG skal vareta interessene til foreldra og fremje ein open og god dialog i saker som vedkjem FUGs fagområde. FUG kan også gi råd til og gjere perspektivet til foreldra kjent overfor andre offentlege styresmakter og aktørar. FUG kan sjølv ta initiativ til å fremje saker og synspunkta sine. Forutan å gi høyringsfråsegner, råd og innspel til departementet og eventuelt andre offentlege styresmakter, er ei viktig oppgåve for utvalet å gi informasjon og rettleiing til foreldre og tilsette på skolen. FUG har ikkje noko formelt mynde, heller ikkje eigne innsynsheimlar e.l.
I andre ledd kjem det fram at det er departementet som nemner opp kvart utval. Det er vidare presisert at kvart utval blir nemnt opp for fire år av gongen og skal ha ein leiar, nestleiar og fem andre medlemmer. Departementet bør sørgje for at kvart utval har ei variert og brei samansetning med utvalsmedlemmer som har ulik relevant bakgrunn, og som er frå ulike delar av landet. Partipolitisk tilhøyrsel bør ikkje påverke kven som blir nemnde opp. Departementet skal sørgje for god dialog med og oppfølging av FUG.