Opplæringslova
§ 11-1 Tilpassa opplæring
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at opplæringa er tilpassa, det vil seie at elevane får eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa uavhengig av føresetnader, og at alle skal få utnytta og utvikla evnene sine. Lærebedrifta skal sørgje for tilpassa opplæring for dei som har læretid i bedrift.
Forarbeid til loven
Første punktum gjer greie for den overordna plikta skolen har til å sørgje for at elevane får tilpassa opplæring, og er i hovudsak ei vidareføring av dagens lov § 1-3. Paragrafen er omtalt i punkt 24 i Prop. 57 L (2022–2023).
At opplæringa skal vere tilpassa, inneber at opplæringa – innanfor eit fellesskap – skal utformast og leggjast til rette på ein slik måte at alle elevar kan få eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa.
Med tilpassa opplæring siktar ein til ei fagleg, metodisk og sosial utforming av opplæringa slik at elevane får realisert potensialet sitt i så stor utstrekking som mogleg innanfor fellesskapet, og formålet er at opplæringa tek høgd for å unngå unødvendige særløysingar for enkeltindivid. Skolen må ta høgd for at elevane har ulike evner, potensial, føresetnader og behov. Det inneber mellom anna at skolen må jobba aktivt for å inkludere alle elevane i klassen, både sosialt og fagleg, og ha strategiar for at alle skal kunne delta aktivt. Paragrafen gir kommunen ei plikt, men korresponderer ikkje med ein tilsvarande rett for elevane. Dette betyr mellom anna at det ikkje skal gjerast enkeltvedtak om tilpassa opplæring. Paragrafen gir kommunen, fylkeskommunen og skolen eit profesjonelt handlingsrom, men rammene i lova må følgjast.
Kva som er tilfredsstillande utbytte av opplæringa, er ei skjønnsmessig vurdering, som byggjer på fagleg-pedagogiske vurderingar. Moment her kan vere meistrings- og funksjonsnivået, læringsføresetnadene og utviklinga til elevane. Desse momenta må sjåast opp mot forventa kompetansemål i læreplanverket, eventuelt i individuelle opplæringsplanar. Det er ikkje noko eintydig kriterium for kva som er tilfredsstillande utbytte, og det må vurderast konkret. Plikta er broten når utbyttet til elevane ikkje er tilfredsstillande. Nemninga tilfredsstillande krev likevel ikkje at skolane sikrar optimalt utbytte av opplæringa. Tanken med denne rettslege standarden, som kan variere over tid og med endringar i kva som er fagleg god praksis, er å sikre at plikta og retten til opplæring blir reell. Å avgjere kva som er tilfredsstillande utbytte, er eit lovbunde skjønn.
Andre punktum vidarefører dagens reglar i § 1-3 om at opplæringa skal tilpassast også for dei som har læretid i bedrift.