Opplæringslova
§ 11-10 Individuell opplæringsplan
Skolen skal utarbeide ein individuell opplæringsplan for elevar som får individuelt tilrettelagd opplæring. I planen skal det stå kva som er måla for og innhaldet i opplæringa, og korleis ho skal drivast.
Forarbeid til loven
Paragrafen er ei vidareføring av dagens lov § 5-5 første ledd andre og tredje punktum og er omtalt i punkt 25 i Prop. 57 L (2022–2023).
«Skolen» er brukt som pliktsubjekt i denne regelen fordi oppfyllinga naturleg skjer på skolenivå. Skolen er ikkje eit eige rettssubjekt, og det er kommunen eller fylkeskommunen som har ansvaret for at elevar som får individuelt tilrettelagd opplæring, får ein individuell opplæringsplan (IOP), jf. §§ 28-1 første ledd og 28-2 første ledd.
Den individuelle opplæringsplanen skal ta utgangspunkt i overordna del av læreplanverket og læreplanen i dei ulike faga. Den individuelle opplæringsplanen må samordnast med planen for klassen slik at den individuelt tilrettelagde opplæringa sjåast i samanheng med den opplæringa eleven får totalt.
Ein individuell opplæringsplan skal byggje på det som er fastsett i enkeltvedtaket om individuelt tilrettelagd opplæring, og skal vere eit arbeidsverktøy for lærarane. Den individuelle opplæringsplanen kan ikkje fastsetje noko som ikkje er innanfor rammene av enkeltvedtaket om individuelt tilrettelagd opplæring. Dersom det til dømes ikkje går fram av enkeltvedtaket at eleven skal ha unntak frå læreplanverket, kan ikkje dette fastsetjast i den individuelle opplæringsplanen. Opplæringa følgjer kompetansemål i læreplanverket med mindre dette går uttrykkjeleg fram av enkeltvedtaket.
Den individuelle opplæringsplanen treng ikkje nødvendigvis å vere eit omfattande dokument. Formålet med planen er å utvikle kortfatta og praktiske planar til hjelp i planlegging, gjennomføring og evaluering av opplæringa.