Opplæringslova
§ 11-11 Årleg evaluering av utbyttet av den individuelt tilrettelagde opplæringa
Skolen skal éin gong i året utarbeide ei skriftleg oversikt over den individuelt tilrettelagde opplæringa eleven har fått, og ei vurdering av utviklinga til eleven sett opp mot måla i den individuelle opplæringsplanen. Eleven eller foreldra skal få tilgang til oversikta og vurderinga.
Forarbeid til loven
Paragrafen er ei vidareføring av dagens lov § 5-5 andre ledd og er omtalt i punkt 25 i Prop. 57 L (2022–2023).
Skolen skal kvart år gi ei oversikt over kva opplæring eleven har fått, og i tillegg gi ei vurdering av utviklinga til eleven. Utviklinga til eleven skal vurderast ut frå måla som er sette i den individuelle opplæringsplanen til eleven.
I tillegg til den årlege evalueringa har elevane rett til individuell vurdering, det vil seie både undervegsvurdering og sluttvurdering både i fag og orden og oppførsel, jf. § 2-3 andre ledd.
«Skolen» er brukt som pliktsubjekt i regelen fordi oppfyllinga naturleg skjer på skolenivå. Skolen er ikkje eit eige rettssubjekt, og det er kommunen og fylkeskommunen som har ansvaret for oppfyllinga, jf. §§ 28-1 første ledd og 28-2 første ledd.