Opplæringslova
§ 11-12 Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)
Elevar som heilt eller delvis manglar funksjonell tale og treng alternativ og supplerande kommunikasjon, skal få bruke eigna kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel i opplæringa. Det same gjeld for dei som har læretid i bedrift.
Elevar og lærekandidatar har også rett til den opplæringa dei treng for å kunne bruke alternativ og supplerande kommunikasjon. Denne opplæringa kan vere ein del av den individuelt tilrettelagde opplæringa etter § 11-6.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører dagens lov §§ 2-16 og 3-13 og er omtalt i punkt 26 i Prop. 57 L (2022–2023). Paragrafen gir ikkje sjølvstendige rettar, men presiserer det som allereie følgjer av reglane om tilpassa opplæring, retten til personleg assistanse, fysisk tilrettelegging og individuelt tilrettelagd opplæring.
Første ledd slår fast at elevar og dei som har læretid i bedrift som har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK), skal kunne bruke dei kommunikasjonsformene og dei kommunikasjonsmidla dei treng som støtte til eller erstatning for munnleg talespråk, og som er nødvendige for den kommunikative og språklege utviklinga til eleven. Døme på kommunikasjonsformer er handteikn, bilete, grafiske symbol og kroppslege uttrykk. Kommunikasjonsmiddel kan vere enkle og papirbaserte eller avanserte og stemmebaserte. Døme på det første er kommunikasjonsbøker og tematavler. Døme på det sistnemnde er taleboks eller talemaskin som er ei datamaskin med ordtilfang og symbolbankar som kan styrast på ulike måtar (mus, tastatur, hovudmus, augerørsler, andre gestar). Eleven kan kommunisere sjølv via desse kommunikasjonsmidla eller få hjelp av andre. Kva som er best kommunikasjonsform og kommunikasjonsmiddel, varierer ut frå situasjon, alder og utvikling. Val av kommunikasjonsformer og kommunikasjonsmiddel må gjennomførast i nært samarbeid med den som skal uttrykkje seg, jf. §§ 10-1 til 10-2.
Andre ledd første punktum slår fast at elevar og lærekandidatar, men ikkje andre som har læretid i bedrift, har rett til nødvendig opplæring i bruk av kommunikasjonsformer og kommunikasjonsmiddel for å bruke ASK. Opplæringa i ASK må vere nødvendig for at eleven eller lærekandidaten skal vere i stand til å nyttiggjere seg retten og plikta til grunnskoleopplæring. Elevar og lærekandidatar med behov for ASK vil ikkje automatisk trenge individuelt tilrettelagd opplæring. Opplæring i ASK kan givast både når eleven eller lærekandidaten har vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring, og når dei ikkje får slik tilrettelegging. Opplæringa kan integrerast i fag der dette er tenleg.
Andre ledd andre punktum viser til at opplæringa også kan inngå som ein del av den individuelle tilrettelegginga dersom eleven eller lærekandidaten har rett til individuelt tilrettelagd opplæring. Innhaldet i og timetalet må i så fall fastsetjast ut frå det behovet den enkelte har, og på bakgrunn av den sakkunnige vurderinga.