Opplæringslova
§ 11-13 Pedagogisk-psykologisk teneste
Kommunen og fylkeskommunen skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste.
Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal samarbeide med og støtte skolane i det førebyggjande arbeidet for å gi eit inkluderande opplæringstilbod til elevar som kan ha behov for tilrettelegging av opplæringa. Tenesta skal
- støtte og rettleie skolane i å greie ut behov for tilrettelegging av opplæringa og i å setje inn tiltak så tidleg som mogleg når det trengst
- hjelpe til med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling slik at opplæringstilbodet blir så inkluderande og godt tilrettelagt som mogleg
Der lova eller forskrift til lova krev sakkunnig vurdering, er det den pedagogisk-psykologiske tenesta som skal utarbeide vurderinga.
Departementet kan gi forskrift om i kva andre tilfelle den pedagogisk-psykologiske tenesta skal utarbeide sakkunnige vurderingar.
Forarbeid til loven
Paragrafen erstattar dagens lov § 5-6 og er omtalt i punkt 27 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd er ei vidareføring av dagens § 5-6 første ledd. Kravet om at det skal vere ei eiga teneste, vil seie at kommunane og fylkeskommunane ikkje kan basere seg berre på å kjøpe tenester utanfrå. Etter kommunelova § 17-1 kan to eller fleire kommunar og fylkeskommunar utføre felles oppgåver gjennom eit interkommunalt samarbeid. Det inneber at kommunar kan ha ei felles pedagogisk-psykologisk teneste (PP-teneste).
Det er kommunane og fylkeskommunane som har det juridiske og økonomiske ansvaret for at det finst ei PP-teneste, og at PP-tenesta kan utføre dei lovpålagde oppgåvene sine. Dette føreset at PP-tenesta har nødvendig fagkompetanse og ressursar til å utføre mandatet sitt. Dersom PP-tenesta ikkje har nok fagkompetanse i ei sak, må det innhentast kompetanse utanfrå, til dømes frå statleg spesialpedagogisk teneste (Statped), private sakkunnige eller andre kommunale og fylkeskommunale tenester som til dømes kommune- og spesialisthelsetenesta.
Andre ledd vidarefører det som i dag følgjer av § 5-6 andre ledd første punktum. Samtidig blir denne delen av oppgåvene til PP-tenesta gjort tydelegare. Det blir presisert at PP-tenesta skal samarbeide og støtte skolen i arbeidet med å skape inkluderande opplæringstilbod. Dette arbeidet skal vere prega av førebygging og tidleg innsats. Å drive førebyggjande arbeid inneber å komme i forkant av eventuelle utfordringar slik at flest mogleg elevar får tilfredsstillande utbytte av den ordinære opplæringa. I det førebyggjande arbeidet må PP-tenesta ha eit heilskapleg blikk på alle som inngår i læringsfellesskapet, og støtte skolane i å utvikle eit inkluderande opplæringstilbod som bidreg til at elevane ikkje treng meir omfattande tilrettelegging enn nødvendig.
Arbeidet med tidleg innsats inneber både å støtte skolane i arbeidet med å leggje til rette for eit godt pedagogisk tilbod så tidleg som mogleg i skoleløpet, og å setje inn tiltak straks utfordringar blir oppdaga, gjennom heile opplæringsløpet. Dette kan anten vere ved å hjelpe til med å leggje til rette innanfor det ordinære tilbodet eller ved å setje inn spesialpedagogiske tiltak gjennom individuelt tilrettelagd opplæring. Det er skolen som har ansvaret for å setje inn tiltak, men PP-tenesta skal hjelpe skolen med spesialistkompetansen sin der det trengst.
PP-tenesta må vere tilgjengeleg for å kunne gi råd, rettleie og hjelpe skolane i arbeidet med eit inkluderande læringsmiljø generelt og i arbeidet med å leggje til rette tilbodet for enkelte elevar spesielt. På denne måten kan flest mogleg elevar få god opplæring og nødvendig tilrettelegging innanfor den ordinære opplæringa, og dei som treng individuelt tilrettelagd opplæring, kan få god tilrettelegging og eit inkluderande tilbod som heng saman med anna opplæring. Dette vil, forutan å ha ein generell verdi for alle elevar, bidra til at skolen set i verk tiltak overfor elevar som treng ulike former for oppfølging, så tidleg som mogleg.
Andre ledd bokstav a presiserer derfor at PP-tenesta skal støtte og rettleie skolane i å greie ut behov for tilrettelegging av opplæringa og setje inn tiltak så tidleg som mogleg når det trengst. Dette gjeld uavhengig av – og i forkant og etterkant – av ei eventuell sakkunnig vurdering. Omsynet til det beste for eleven og retten elevane har til å medverke, må varetakast i dette arbeidet, jf. §§ 10-1 og 10-2.
Andre ledd bokstav b presiserer at PP-tenesta skal hjelpe til med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling slik at opplæringstilbodet blir så inkluderande og godt tilrettelagt som mogleg. Dette inneber å gi konkret rettleiing om utfordringar skolen har, og i tillegg bidra med kompetanse om tilrettelegging og inkludering. Det kan handle om å støtte skolen i oppfølginga av gode tilretteleggingsløysingar for elevar som treng det, eller å hjelpe til med kompetanseheving for å supplere kunnskapen til skolen om kva som bidreg til eit inkluderande læringsmiljø og eit godt tilbod for alle. Det betyr likevel ikkje at PP-tenesta skal støtte skolane i arbeidet med kvar enkelt elev, eller at PP-tenesta skal støtte den allmennpedagogiske kompetansen til lærarane. For å sikre at elevane får tilfredsstillande utbytte av opplæringa har skolane etter § 11-2 plikt til å følgje med, melde frå og følgje opp. PP-tenesta skal støtte skolane i dette arbeidet ved behov. Skolane og PP-tenesta må utvikle felles mål, rutinar og planar for samarbeidet og sørgje for at dette blir evaluert jamleg.
PP-tenesta skal vere ein aktiv bidragsytar i det tverrfaglege samarbeidet rundt skolen og elevane, jf. samarbeidsplikta i § 24-1.
Tredje ledd vidarefører dagens lov § 5-6 andre ledd andre punktum. Regelen uttrykkjer at krav om sakkunnige vurderingar kan komme fram av lova sjølv eller forskrifter gitt med heimel i lova. I slike tilfelle er det PP-tenesta som skal utarbeide den sakkunnige vurderinga. Etter lovforslaget trengst sakkunnig vurdering før det blir gjort vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring etter § 11-6, fritak frå opplæringsplikta etter § 2-2, og tidleg eller utsett skolestart etter § 2-4. Kommunar og fylkeskommunar kan også be om sakkunnige vurderingar der lova ikkje stiller eksplisitte krav om dette. Sjølv om PP-tenesta organisatorisk og økonomisk høyrer inn under kommunen, vil ikkje det seie at kommunen eller fylkeskommunen kan instruere om kva dei sakkunnige vurderingane skal gå ut på. Tenesta har plikt til å sørgje for at dei sakkunnige vurderingane blir tekne på eit uavhengig og fagleg grunnlag.
Oppgåvene til PP-tenesta i andre og tredje ledd må sjåast i samanheng, er gjensidig avhengige og forsterkar og påverkar kvarandre. Til dømes vil arbeidet med å greie ut løysingar for ein enkeltelev verke inn på det heilskaplege arbeidet til skolen, og motsett. Tiltak som vil hjelpe ein elev, vil også kunne heve kvaliteten på læringsfellesskapet og dermed komme alle elevar til gode.
Fjerde ledd erstattar dagens lov § 5-6 andre ledd tredje punktum. Forskriftskompetansen er avgrensa til at departementet kan gi forskrift om at PP-tenesta skal utarbeide sakkunnig vurdering i andre tilfelle enn dei som er nemnde i lova. Departementet kan ikkje gi forskrift om krav til kompetansen i og organiseringa av PP-tenesta.