Opplæringslova
§ 11-4 Personleg assistanse
Elevar har rett til den personlege assistansen dei treng for å kunne delta i opplæringa og få tilfredsstillande utbytte av ho.
Forarbeid til loven
Paragrafen er ei delvis vidareføring av dagens lov § 5-1 og er omtalt i punkt 25 i Prop. 57 L (2022–2023).
Paragrafen vidarefører retten elevar har til personleg assistanse dersom eleven treng dette for å delta i opplæringa og få tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Med personleg assistanse er det meint praktisk hjelp og bistand frå ein person (assistent) som kan følgje med og hjelpe eleven i skolekvardagen. Assistansen kan variere både i omfang og oppgåver og kan til dømes vere hjelp til å følgje med i opplæringa, sosiale aktivitetar i friminuttet, kommunikasjon, flytting, bering av sekk og utstyr, av- og påkleding, måltid og toalettbesøk.
Personleg assistanse kan givast av personar som ikkje er tilsette i lærarstilling.
Ein elev kan i tillegg ha rett til personleg assistanse etter helse- og omsorgstenestelova. Hjelp frå ein assistent kan følgjeleg reknast som ein del av opplæringa i nokre samanhengar og som helse- og omsorgstiltak i andre samanhengar, men opplæringslova gir ikkje elevane rett til brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Retten til personleg assistanse etter opplæringslova omfattar ikkje behandling eller andre helse- og omsorgstenester. Departementet viser til omtalen i NOU 2019:23, punkt 31.3.4.
Saksbehandlingsreglane i forvaltningslova skal følgjast når det skal gjerast vedtak om personleg assistanse. Det er ikkje eit krav at det skal liggje føre ei sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta (PP-tenesta) før kommunen eller fylkeskommunen gjer vedtak om personleg assistanse. Kravet i forvaltningslova § 17 gjeld like fullt. Ifølgje forvaltningslova § 17 skal saka vere «så godt opplyst som mogleg før vedtak treffest». Dette kravet kan i nokre tilfelle gjere det nødvendig med ei vurdering frå PP-tenesta eller andre sakkunnige.
Det er kommunen og fylkeskommunen som har ansvaret for å oppfylle retten til personleg assistanse for elevar i høvesvis grunnskolen og vidaregåande opplæring. Retten reknast som ein del av retten til grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring, og ansvaret til kommunen og fylkeskommunen følgjer av §§ 28-1 og 28-2.