Opplæringslova
§ 11-5 Fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel
Elevar har rett til dei tekniske hjelpemidla og den fysiske tilrettelegginga dei treng for å kunne delta i opplæringa og få tilfredsstillande utbytte av ho. Elevane har også rett til nødvendig opplæring i bruk av slikt utstyr.
Elevar som er blinde eller sterkt svaksynte, har rett til nødvendig opplæring i mobilitet slik at dei kan komme seg til og frå skolen og ta seg fram på skolen og i heimemiljøet.
Forarbeid til loven
Første ledd er ei delvis vidareføring av dagens lov §§ 5-1, 2-14 og 3-10 og er omtalt i punkt 25 og 32 i Prop. 57 L (2022–2023).
Paragrafen inneber at elevar som har behov for tilrettelegging av arbeidsplassen eller klasserommet for å få tilfredsstillande utbytte av opplæringa, har rett til fysisk tilrettelegging. Slik tilrettelegging kan mellom anna omfatte tekniske hjelpemiddel, inventar, teknisk utstyr og programvare og nødvendig opplæring for at eleven skal kunne bruke utstyret. Om eleven har behov for opplæring i bruk av tekniske hjelpemiddel, må vurderast ut frå både medisinfagleg og skolefagleg kunnskap og erfaring. Dessutan har det betydning kva eleven og foreldra meiner, og det beste for eleven skal vere eit grunnleggjande omsyn, jf. §§ 10-1 og 10-2. Første ledd vidarefører også retten blinde og sterkt svaksynte elevar har til nødvendig opplæring i tekniske hjelpemiddel, jf. dagens lov §§ 2-14 og 3-10.
Kommunane og fylkeskommunane har ansvaret for å stille til rådvelde dei hjelpemidla og det utstyret som er nødvendig for at elevane skal få tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Det må skiljast mellom pedagogiske hjelpemiddel, som kommunane og fylkeskommunane har ansvaret for, og tekniske hjelpemiddel, som NAV Hjelpemiddelsentralen kan vere ansvarleg for. Kommunane og fylkeskommunane vil uansett ha eit ansvar når utstyr ikkje blir dekt av NAV og hjelpemiddelet er nødvendig for at eleven skal få tilfredsstillande utbytte av opplæringa.
Elevar kan også ha rett til fysisk tilrettelegging etter § 12-7 første ledd.
Andre ledd vidarefører delar av dagens lov §§ 2-14 og 3-10 og er omtalt i punkt 32.
Vilkåret for å få rett til opplæring i mobilitet er at eleven er blind eller sterkt svaksynt. Om eleven har behov for opplæring i mobilitet, må vurderast ut frå både medisinfagleg og skolefagleg kunnskap og erfaring. Dessutan har det betydning kva eleven og foreldra meiner, og det beste for eleven skal vere eit grunnleggjande omsyn, jf. §§ 10-1 og 10-2.
Mobilitetsopplæringa kan vere knytt både til det å ta seg fram mellom heimen og skolen til eleven, og ta seg rundt på skoleområdet og i heimemiljøet. Skoleområdet skal i denne samanhengen tolkast i vid forstand, noko som inneber at både symjehall, idrettshall, bibliotek og ulike turløyper som skolen bruker, er omfatta. Når det gjeld «heimemiljøet», må opplæringa tilpassast føresetnadene, behovet og ønska til eleven. Omgrepet heimemiljø omfattar at det er mogleg for eleven å ta seg trygt fram til og frå aktivitetar i nærområdet, som til dømes ein fritidsaktivitet eller å besøkje venner.
Elevar med vedtak etter § 11-5 kan samtidig ha rett til opplæring i punktskrift etter §§ 3-5 og 6-4.
Det er kommunen og fylkeskommunen som har ansvaret for å oppfylle retten til fysisk tilrettelegging, tekniske hjelpemiddel og opplæring i mobilitet for elevar i høvesvis grunnskolen og vidaregåande opplæring. Retten reknast som ein del av retten til grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring, og ansvaret til kommunen og fylkeskommunen følgjer av §§ 28-1 og 28-2.