Opplæringslova
§ 11-6 Individuelt tilrettelagd opplæring
Elevar har rett til individuelt tilrettelagd opplæring dersom dei treng det for å få tilfredsstillande utbytte av opplæringa.
I vurderinga av kva for opplæringstilbod som skal givast, skal det særleg leggjast vekt på utviklingsutsiktene til eleven. Opplæringstilbodet skal utformast slik at det samla kan gi eleven tilfredsstillande utbytte av opplæringa samanlikna med andre elevar og i tråd med dei opplæringsmåla som er realistiske for eleven.
Forarbeid til loven
Paragrafen er ei delvis vidareføring av dagens lov § 5-1 og er omtalt i punkt 25 i Prop. 57 L (2022–2023).
«Individuelt tilrettelagd opplæring» er ny nemning på den delen av dagens spesialundervisning som dreier seg om opplæring.
Første ledd slår fast at dersom eleven treng individuelt tilrettelagd opplæring for å få «tilfredsstillande utbytte av opplæringa», har eleven rett til individuelt tilrettelagd opplæring. Spørsmålet om eleven treng individuelt tilrettelagd opplæring for å få tilfredsstillande utbytte, kjem an på ei konkret fagleg-pedagogisk vurdering av utbyttet eleven har av opplæringa. Sjå merknadene til § 11-1.
Den pedagogisk-psykologiske tenesta (PP-tenesta) skal alltid gi ei sakkunnig vurdering før kommunen eller fylkeskommunen gjer vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring, jf. § 11-7.
For elevar som har eit visst utbytte av opplæringa, kan det vere nok å få individuelt tilrettelagd opplæring i nokre timar i veka, i enkelte fag eller delar av fag eller for ein kort periode. For elevar som har svært lite utbytte av opplæringa, eller som ikkje har utbytte i det heile, må større delar eller heile opplæringa leggjast særskilt til rette.
Elevar som har føresetnader for å lære raskare og meir enn gjennomsnittet, har ikkje rett til individuelt tilrettelagd opplæring. Kommunane og fylkeskommunane skal likevel tilpasse opplæringa slik at ho skaper eit tilfredsstillande opplæringstilbod for alle, inkludert elevar med stort potensial for læring, jf. § 11-1. Elevar i grunnskolen med stort læringspotensial og som lærer raskare enn gjennomsnittet, kan fritakast heilt eller delvis frå opplæringsplikta dersom særlege grunnar taler for det, foreldra samtykkjer og det ligg føre ei sakkunnig vurdering, sjå § 2-2 tredje ledd. På ungdomstrinnet er det mogleg for elevar å ta fag frå eit høgare nivå (forsering i fag). Det finst også ordningar som gjer at elevar i vidaregåande kan ta fag på universitets- eller høgskolenivå.
Elevar som har vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring, kan samtidig ha rettar etter andre reglar i lova. Det kan mellom anna vere rett til personleg assistanse etter § 11-4, fysisk tilrettelegging etter § 11-5, opplæring i og på norsk teiknspråk etter §§ 3-4 og 6-3, opplæring i punktskrift etter §§ 3-5 og 6-4, opplæring i mobilitet etter § 11-5 andre ledd eller særskild språkopplæring etter §§ 3-6 og 6-5.
Det er kommunen og fylkeskommunen som har ansvaret for å oppfylle retten til individuelt tilrettelagd opplæring for elevar i høvesvis grunnskolen og vidaregåande opplæring. Retten reknast som ein del av retten til grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring, og ansvaret til kommunen og fylkeskommunen følgjer av §§ 28-1 og 28-2.
Andre ledd vidarefører delar av dagens § 5-1 andre ledd. Prinsippet om likeverdig opplæring er utgangspunktet for vurderinga av kva den individuelt tilrettelagde opplæringa skal gå ut på. Det vil seie at elevar med behov for individuelt tilrettelagd opplæring har krav på eit opplæringstilbod som er likeverdig med det tilbodet andre elevar får. Ein må forstå prinsippet slik at eit opplæringstilbod er likeverdig når elevar som får individuelt tilrettelagd opplæring, har dei same sjansane for å nå dei måla som er realistisk å setje for dei, som andre elevar har for å realisere måla sine med det ordinære opplæringstilbodet. Sjå merknad til § 5-1 andre ledd i Ot.prp.nr.46 (1997–1998). Presiseringa i dagens § 5-1 andre ledd siste punktum om at elevar som får spesialundervisning, skal ha det same totale undervisningstimetalet som gjeld for andre elevar, er tatt bort, sidan dette følgjer av reglane i § 1-6. Elevar som får individuelt tilrettelagd opplæring, har krav på det same totale undervisningstimetalet som andre elevar.