Opplæringslova
§ 11-7 Vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring og krav om sakkunnig vurdering
Før kommunen eller fylkeskommunen avgjer om ein elev har krav på individuelt tilrettelagd opplæring, skal dei hente inn ei sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal ta stilling til om eleven treng individuelt tilrettelagd opplæring. Dersom eleven også treng personleg assistanse eller fysisk tilrettelegging etter §§ 11-4 og 11-5, skal den sakkunnige vurderinga gi ei heilskapleg vurdering av kva for tilrettelegging eleven treng.
Kommunen og fylkeskommunen kan berre fråvike den sakkunnige vurderinga dersom dei kjem til at eleven kan få tilfredsstillande utbytte av opplæringa på ein annan måte. Ei slik avgjerd skal vere grunngitt i vedtaket. I vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring kan det gjerast unntak frå reglane om innhaldet i og organiseringa av opplæringa.
Eleven eller foreldra må samtykkje før kommunen eller fylkeskommunen gjer ei sakkunnig vurdering, og før dei gjer vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring. Eit tilbod om individuelt tilrettelagd opplæring skal utarbeidast i samråd med eleven og foreldra, og det skal leggjast stor vekt på kva eleven og foreldra meiner.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører delar av dagens lov §§ 5-3, 5-4 og 5-5 og er omtalt i punkt 25 og 27 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd er ei vidareføring av dagens § 5-3 første ledd. Den sakkunnige vurderinga frå den pedagogisk-psykologiske tenesta er rådgivande. Tenesta har ikkje mynde til å gjere enkeltvedtak. At det ligg føre ei sakkunnig vurdering, er likevel eit vilkår for å gjere vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring. Det er kommunen eller fylkeskommunen som gjer vedtak om ein elev har krav på individuelt tilrettelagd opplæring, og om innhaldet i denne opplæringa. Dersom ein elev sjølv eller foreldra til eleven meiner at ho eller han ikkje får tilfredsstillande utbytte av den ordinære opplæringa, kan dei krevje at kommunen eller fylkeskommunen gjennom eit enkeltvedtak tek stilling til om eleven har krav på individuelt tilrettelagd opplæring.
Andre ledd første og andre punktum er ei vidareføring av dagens § 5-3 fjerde ledd. Kommunen og fylkeskommunen har ei særskild grunngivingsplikt dersom dei fråvik tilrådinga i den sakkunnige vurderinga.
Andre ledd tredje punktum vidarefører og klargjer innhaldet i dagens § 5-5 første ledd første punktum. Regelen slår fast at det i vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring kan gjerast unntak frå reglane i lova om innhaldet i opplæringa, det vil seie at det mellom anna kan gjerast unntak frå kompetansemåla i læreplanane, men berre dersom det er grunngitt i føresetnadene til eleven og i fagleg-pedagogiske vurderingar. Det kan også gjerast unntak frå reglane om organiseringa av opplæringa. Kva unntak som kan gjerast når det gjeld kompetanse, er regulert i § 11-9 andre og tredje ledd. Moglegheita kommunen og fylkeskommunen har til å gjere unntak, er eit forvaltningsskjønn, men vurderinga av om vilkåra er oppfylte, er eit lovbunde skjønn.
Tredje ledd vidarefører dagens § 5-4 andre ledd første punktum og tredje ledd. Om det er foreldra eller eleven som må samtykkje, følgjer av § 24-5 og barnelova § 32, som seier at barn som har fylt 15 år, sjølve avgjer spørsmål om val av utdanning. Regelen inneber at ungdom som har vorte 15 år, sjølve må samtykkje før det blir utarbeidd ei sakkunnig vurdering, og før det blir gjort vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring. Samtykket til foreldra er i slike tilfelle ikkje nødvendig, og foreldra har heller ikkje noko mynde i denne samanhengen. Når eleven er yngre enn 15 år, er det foreldra som gir samtykke, men dei har plikt til å ta barnet med på råd etter barnelova § 31.
Den pedagogisk-psykologiske tenesta pliktar å rådføre seg med eleven og foreldra i arbeidet med å utforme tilbodet om individuelt tilrettelagd opplæring. Sjå også § 10-2 om retten eleven har til å medverke, og § 10-3 om plikta skolen har til å samarbeide med foreldra. Dette vil også gjelde i oppfølginga av den individuelt tilrettelagde opplæringa.