Opplæringslova
§ 11-8 Kva den sakkunnige vurderinga skal innehalde
I ei sakkunnig vurdering skal den pedagogisk-psykologiske tenesta alltid greie ut om
- eleven sitt utbytte av opplæringa
- kvifor eleven eventuelt ikkje har, eller ikkje kan få, tilfredsstillande utbytte av opplæringa
- kva som er realistiske opplæringsmål for eleven
- kva tiltak som kan gi eleven eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa
- kva kompetanse dei som skal gi opplæringa, bør ha, dersom det skal gjerast unntak frå kompetansekrava etter § 11-9 andre eller tredje ledd
Forarbeid til loven
Paragrafen er ei delvis vidareføring av dagens § 5-3 andre ledd og er omtalt i punkt 25 i Prop. 57 L (2022–2023).
Paragrafen fastset eit minimum av kva den sakkunnige vurderinga frå den pedagogisk-psykologiske tenesta (PP-tenesta) skal innehalde av opplysningar og vurderingar.
Etter paragrafen skal PP-tenesta mellom anna alltid greie ut kva tiltak som kan gi eleven tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Det inneber at det er den opplæringa som klassen får, som skal vere hovudløysinga, jf. § 11-1. PP-tenesta skal ta stilling til om, og i så fall korleis, denne opplæringa kan leggjast til rette slik at ho kan gi eleven tilfredsstillande utbytte av opplæringa. PP-tenesta skal også alltid ta stilling til om eleven treng individuelt tilrettelagd opplæring, jf. § 11-7 første ledd andre punktum.
Kor omfattande ei sakkunnig vurdering skal vere, må vurderast i det enkelte tilfellet. Dersom eleven til dømes har behov for hjelp eller støtte frå ein person med ein særskild kompetanse, skal dette komme fram i den sakkunnige vurderinga frå PP-tenesta. Dette gjeld uavhengig av om det er aktuelt å gjere unntak frå kompetansekrava, jf. § 11-9 andre og tredje ledd.