Opplæringslova
§ 11-9 Kompetansekrav for den som skal gi individuelt tilrettelagd opplæring
Den som skal gi individuelt tilrettelagd opplæring, må oppfylle kompetansekrava for å bli tilsett i lærarstilling, jf. § 17-3, og krava om relevant kompetanse i faget det skal undervisast i, jf. § 17-4.
I vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring kan det gjerast unntak frå kompetansekrava i § 17-3 dersom det vil gi eleven betre opplæring. Slike unntak kan berre gjerast dersom opplæringa skal givast av personar med ei universitets- eller høgskoleutdanning som gjer dei særleg eigna til å vareta behova til eleven. Slikt vedtak inneber også at kompetansekrava i § 17-4 ikkje gjeld.
I vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring kan det gjerast unntak frå kompetansekrava i § 17-4 dersom ei konkret vurdering av eleven og den individuelt tilrettelagde opplæringa som skal bli gitt, tilseier det.
Forarbeid til loven
Det tredje leddet til paragrafen vidarefører dagens lov § 5-5 tredje ledd. Elles er paragrafen ny og er omtalt i punkt 25 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd presiserer hovudregelen om at det er dei same formelle krava til lærarkompetanse for å gi individuelt tilrettelagd opplæring som for å gi anna opplæring.
Etter andre ledd kan det gjerast unntak frå hovudregelen i første ledd. Ifølgje regelen kan det gjerast unntak både frå krava som gjeld for å kunne tilsetjast i lærarstilling, og frå krava om at ein lærar må ha relevant kompetanse i faget læraren underviser i. Det er eit vilkår at unntaket vil gi eleven betre individuelt tilrettelagd opplæring. Dersom det skal gjerast unntak, må personen som skal gi individuelt tilrettelagd opplæring ha ei universitets- eller høgskoleutdanning. Denne utdanninga må gjere personen særleg og betre eigna til å vareta behovet til eleven enn ein lærar. Det må vere ei utdanning av eit visst omfang og på eit visst fagleg nivå. Det blir ikkje stilt krav til talet på studiepoeng eller grad, men ei kortvarig utdanning vil sjeldan kunne gjere personen særleg og meir eigna enn ein lærar. Det kan vere at ein elev har behov for å få individuelt tilrettelagd opplæring gitt av til dømes ein audiopedagog, logoped, psykolog eller barnevernspedagog.
Tredje ledd vidarefører dagens lov § 5-5 tredje ledd. Regelen gjer det mogleg å gjere unntak frå krava om relevant kompetanse i faget det blir undervist i, for lærarar som gir individuelt tilrettelagd opplæring, dersom ei konkret vurdering av eleven og den opplæringa som skal bli gitt, tilseier det. Regelen gir berre moglegheit for å gjere unntak frå kravet om relevant kompetanse i faget, men det kan ikkje gjerast unntak frå kompetansekrav for å kunne bli tilsett i lærarstilling. Sjå også merknad til § 5-5 tredje ledd i Prop.84 L (2011–2012).